Lukk
Søk
Søk Meny

Skulerevyen

Velkomen til Skulerevyen – ein gjenkjenneleg revy om skulen, den evige slagmarka mellom lærarar, elevar og foreldre. Eit sterkt forfattarlag med blant anna Olaug Nilssen og Selma Lønning Aarø har skrive manus. Kom på haustens gøyale oppleving, vi spelar frå 28. august til 4. oktober. Dette er revyen for deg som har gått på skule – og overlevd.
  1. Spelar Speleperioden er avslutta!
  2. Scene På Det Vestnorske Teateret
  3. Varigheit Ca. 2 timar med pause
Skodespelarar i raude kapper og fantasifulle kostyme ser dramatisk ut i spotlight på scena.
Skodespelar Christine Hope og Thomas Bye har skarpe blikk på skulen sett utanifrå (Fotograf: Motstroem)
Kristoffer Egset,  Eirik Risholm Velle og Thomas Bye i rollar som elevar i Skulerevyen (Fotograf: Motstroem)
Kristoffer Egset, Eirik Risholm Velle og Thomas Bye i rollar som elevar på scenen i Skulerevyen på Det Vestnorske Teateret. (Fotograf: Motstroem)

Ein revy frå skulekvardagen 

Kva skjer når læraren mister grepet om klasserommet? Når foreldra forventar at skulen tek over barneoppdragelsen? Og når uro, skjermar og diagnosar blir ein del av timeplanen?

Med ein god dose latter og satire set vi søkjelys på utfordringane i skulen med denne revyen. 

To skodespelarar i hettegenser og caps står på scena med mikrofon og rappande uttrykk i sterkt scenelys.
Rap med glimt i auga. På bilete Eirik Risholm Velle og Kristoffer Egset. (Fotograf: Motstroem)

Historier, humor – frå skulelivet

Det Vestnorske Teateret er stolte over å ha med OLAUG NILSSEN, SELMA LØNNING AARØ og CHRISTINE HOPE i utviklinga av manuset. Saman med regissør FRODE GJERLØW, dramaturg på teateret ASLAK MOE, og teatersjef THOMAS BYE har dei sett seg som mål å famne så mykje av skulekvardagen som mogeleg. Men uansett kor sørgeleg og trist utgangspunket kan vere, har dei heile tida leita etter humoren, og tvisynet.

Med humor og varme, dreg dei deg gjennom ein skulekvardag full av dilemma, diagnosar og disiplinproblem.

Fire skodespelarar i gule shorts og kvite judodrakter står på ei matte. Ein av dei er i lufta med hovudet ned i salto.
Full fart og fysiske stunt frå Skulerevyen – skodespelarar i kampklare drakter leverer komikk med kropp og koordinasjon. (Fotograf: Motstroem)

Det er mykje å le av. Og litt å grine av òg.

Skodespelar Christine Hope i strandkjole med solbriller og drink snakkar med lærar Thomas Bye som sit på pult i bakgrunnen.
Skodespelar Christine Hope i strandkjole og lærar Thomas Bye. (Fotograf: Motstroem)

Regissør og skodespelarar

Kunstnarleg lag 


Manus: Olaug Nilssen, Selma Lønning Aarø, Christine Hope, Frode Gjerløw,
Aslak Moe og Thomas Bye
Regissør: Frode Gjerløw
Dramaturg: Aslak Moe
Scenograf og kostymedesignar: Lise Christensen
Lysdesignar: Jon Eirik Sira
Koreograf: Shlomi Ruimi
Musikkarrangment: Nils Oortwijn
Komponist på “Då eg var elev” – Åsmund Flaten.  

……....…………………………………………………………...

Til info: 

I korte sekvensar vert det nytta scenerøyk og strobelys i framsyninga.

 

Sterke stemmer bak Skulerevyen


Les artikkel om skriveprosessen her

Olaug Nilssen er ein av manusforfattarane. Foto: Andreas Roksvåg. 

Bilete

Eit første glimt frå leseprøven – frå latter og kreativ energi til djup konsentrasjon rundt bordet.
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Teatermeldingar

Melding etter urpremieren 28. august