Artiklar
Ny skodespelar, aktuell på Gamlehaugen
Katrine Lovise Øpstad Fredriksen er aktuell som skodespelar i Den unge Michelsen, som har urpremiere onsdag 10. juni på historiske Gamlehaugen. Dette er hennar første engasjement ved Det Vestnorske Teateret.
Frå Dylan-kveld på Hulen til Dylanprogram i Skifte
Steinar Thorsen er vert og kurator for Dylanprogrammet i Skifte i vinter. Programserien gir publikum eit nærare møte med Bob Dylan sitt kunstnarskap gjennom samtale og livemusikk, og fungerer samstundes som ein inngang til framsyninga Dylanselskapet på Hovudscenen.
Nytilsett direktør
Ingrid Hernar Aastvedt blir ny direktør ved Det Vestnorske Teateret
Sigmund med årsengasjement i sikte
Skodespelar Sigmund Njøs Hovind har vore ein kjend og kjær del av Det Vestnorske Teateret dei siste åra, du har kanskje sett han i Fuglane, Mordet på Michelsen eller i Politi! 1 eller 2? No ventar eit heilt årsengasjement for 2026 – noko han både gler seg over, og kjenner seg takksam for.