Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) er eit regionteater og vart etablert i 1988. Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Det Vestnorske Teateret har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Thomas Bye er teatersjef (frå august 2023).
Drifta vert i all hovudsak finansiert av Staten og den største eigaren Vestland fylkeskommune. Vår eigeninntekt frå billettsal utgjer ca 37 % (2019 tal).
Det Vestnorske Teateret held til i Bergen sentrum (i ærverdige Logen), Ole Bulls plass 6, som ligg like ved den blå steinen. Etter den store utbygginga har vi i det moderne tilbygget fått ein scene 2, samt verkstader.
I vårt flotte teaterhus spelar vi våre framsyningar for publikum i Bergen og tilreisande gjester. Det hender du også finn oss ute på turné i Vestlandsregionen.
Administrasjonen har kontorlokale i Logen (Ole Bulls plass 6, i Bergen sentrum), inngang ved “Den Gode Hensigt”.
På Stend i Fana har vi framleis verkstad/lager.
Vi som jobbar ved teateret bryr oss om miljøet, og oppfordrar vårt publikum til å bruke kollektivtransport til og frå Det Vestnorske Teateret i Bergen sentrum.