Billettinformasjon
Vi rår deg til å kjøpe billettar via vår nettside og velge e-billett som leveringsmåte. Du vil då motta billettane dine kostnadsfritt på e-post som PDF. For kjøp via andre utsalsstader og med andre leveringsmåtar kjem det sendings- og ekspedisjonsgebyr.
Du har 15 minuttar på deg til å gjennomføre kjøpet frå du legg billetten i handlevogna. Bruker du lengre tid, men likevel fullførar betalinga, vil billetten bli kansellert og pengane tilbakeført til din konto i løpet av nokre dager. Du må då gjennomføre kjøpet på nytt.
Det Vestnorske Teateret nyttar billettsystemet Eventim.
For kjøp på nett
Velg den framsyninga du vil kjøpe billettar til. Klikk «Kjøp billettar», velg sete og pristype og legg billettane i handlevogna. Merk at nokon pristypar krev at du viser legitimasjon ved inngang.
Velg «forsendingsalternativer», e-billett er gratis. «Logg inn» viss du allereie er kunde. Viss du ikkje er kunde, kan du enkelt registrere deg sjølv som ny kunde. Det Vestnorske Teateret har overført kundar frå tidligare billettsystem. Du kan derfor kunne få beskjed om at du allereie er registrert som kunde når du loggar deg inn for første gong. Du må då be om å få tilsendt nytt passord på e-post for å komme inn på «Mitt teater», ved å klikke på «Har du gløymt passordet» på innloggingssida.
Tast inn eventuelt gåvekort eller rabattkode og klikk på ikonet for å aktivere.
Velg «Kjøp no». Du blir vidaresendt til ei ekstern betalingsside. Du kan betale med Visakort, Mastercard eller Vipps. All kommunikasjon foregår kryptert.
Din ordrebekreftelse kan nå sjåast på skjermen, og du vil i løpet av få minuttar motta ein kvittering på e-post frå publikum@detvestnorsketeateret.no . Billettane vil vere vedlagt i e-posten som ein pdf.
På dei fleste produksjonane har vi gruppepris ved kjøp av 10 billettar eller fleire. Du kan kjøpe billettane på nettsida eller du kan ta kontakt med Det Vestnorske Teateret på e-post: publikum@detvestnorsketeateret.no.
Har du behov for hotellovernatting og billettar, kontakt showpakker.no eller Revy og Teaterservice eller ring 09901.
Skal du spise ute før eller etter framsyninga? På Wesselstuen får du 10% rabatt på mat til ein person samme dato som billetten din er gyldig. Bestill bord på førehand og vis billetten når du kjem til restauranten.
Bordbestilling: www.wesselstuen.no eller tlf. 55 55 49 49.
Evt. ledige billettar til framsyning samme dag/kveld vert selde i vår Foajebar i 2 etg,
1 time før framsyningstart. Det vert også selt billettar til andre dagar og andre produksjonar i regi av Det Vestnorske Teateret.
Telefonen er bemanna 1 time før framsyninga:
Tlf: 55 22 20 30
NB! Billettgebyr på kr. 25 pr billett ved kjøp av billettar i Logen.
Eventim, tlf: 21 95 92 00
E-post: kundeservice@eventim.no
NB! Billettgebyr på kr 25 per ordre.
På Det Vestnorske Teateret sine eigne produksjonar har vi vanlegvis følgande rabattar:
- BT-fordel (med gyldig kort og maks 2 billettar pr kort)
- Honnør (fra fylte 67 år)
- Student (med gyldig studentbevis)
- Ungdom (15 – 25 år)
- Barn (til og med 14 år
- Scenekort (med gyldig kort og maks 2 billetter pr kort)
- Ledsagerbevis (med gyldig kort).
- Grupper: Minimum 10 personar.
Det er eigne prisar for gjestespel og barneframsyningar.
NB! Billettgebyr på kr. 25 pr billett ved kjøp av billettar i Logen og Grieghallen.
Gåvekort kan kjøpast her: detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/coupon
Du kan sjølv velge beløp. Du vil få tilsendt gåvekortet som e-billett (PDF) til din e-postadresse. Du kan printe ut eller vidaresende gåvekortet til den du ønsker å gi det til.
Slik bruker du gåvekort:
Gåvekort kan kun nyttast til kjøp av billettar til Det Vestnorske Teateret. Kvart gåvekort har ein unik kode. Når du har valgt dine plassar og billettypar og komen til sida for «Kontroll og betaling», tastar du inn denne koden i feltet «Gåvekortkode» og klikkar så på oppdateringsknappen. Totalbeløpet vert då redusert tilsvarande gåvekortets verdi. Klikk så på «Kjøp no» og du blir leia vidare til den eksterne betalingsleverandøren.
Ved eventuelt restbeløp på gåvekortet, vert det utsteda eit nytt gåvekort som e-billett (PDF). Dette vert sendt automatisk på e-post til den som har nytta det opprinnelege gåvekortet til å kjøpe billettar.
Gåvekort er gyldig i ett år fra kjøpsdato, men kan også nyttast som betaling for framsyningar fram i tid. Det er ikkje mogleg å trekke gåvekortet sin verdi frå allereie kjøpte billettar.
RULLESTOL
Rullestolplass til framsyningar må reserverast på førehand via publikum@detvestnorsketeateret.no
Vi har heis i bygget som går både til 2. og 3. høgda.
LYTTESYSTEM
Radiobasert hørselsassistanse med halsslynge.
Det er ikkje installert Teleslynge i salen, men teateret har teleslyngemottakarar som du kan få låne og som kan brukast i heile salen på alle framsyningar der skodespelarane bruker mygg/mikrofon. Teleslyngemottakaren kan du bruke om du har høyreapparat eller cochlear implantat. Du kan også bruke mottakaren om du har nedsatt hørsel og ikkje høyreapparat, men då må du i tillegg låne hodetelefonar. Bestill gjerne på førehand: publikum@detvestnorsketeateret.no eller telefon 55 22 20 20.
NB! Gjeld berre Hovudscenen, dessverre ikkje Skifte eller Scene 2.
LEDSAGERBEVIS
Det Vestnorske Teateret aksepterer ledsagerbevis. Beviset lar ledsager komme gratis inn, mens innehavar av beviset betalar vanleg pris (med eventuelle rabatter).
SENDINGSGEBYR
- E-billett: 0,–
- Post i Norge: 59,– per ordre
- Post utlandet: 99,– per ordre
EKSPEDISJONSGEBYR
E-billett: 0,–
Billettkontoret på Det Vestnorske Teateret og Revy og Teaterservice: 25,– per billett
Via Eventims kundeservice: 25,– per ordre. Eventuelt forsendingsgebyr per ordre kjem i tillegg.
Sals- og leveringsvilkår
Sals- og leveringsvilkåra er oppdatert 22. mai 2024, og gjeld for alle kjøp som blir gjort frå og med denne datoen.
Eventim AS står for sal og distribusjon av billettar på denne nettsida. Organisasjonsnr. 995 498 057.
Dersom du treng å kontakte Eventim kan du gjere dette via e-post til kundeservice@eventim.no og på tlf. 21 95 92 00, eventuelt skrive til Eventim,
Kongens gt. 24, 0153 Oslo.
Avtalevilkår
Det er Det Vestnorske Teateret (DVT) som er arrangementsansvarleg og som er din avtalepart. Eventim Norge AS har ikkje ansvar for arrangementa som DVT tilbyr. Når du kjøper billettar gjennom Eventim, aksepterer du DVT sine vilkår for billettkjøp. Alle forhalda som omhandlar å overhalde avtalen må avklarast direkte med DVT.
Ein bindande kjøpsavtale mellom Eventim/DVT og billettinnehavaren er inngått når Eventim har registrert og motteke betaling, og du har motteke ein kjøpsbekreftelse. Kjøpar er sjølv ansvarleg for oppbevaring av eigne billettar, kjøp av riktige billettar og at billettane blir sendt til ei gyldig e-postadresse.
Levering
Har du kjøpt ein billett som «e-billett», mottek du billetten din på e-post hurtigast mogleg etter kjøpet. Om du ikkje har motteke billetten innan 24 timar etter gjennomført kjøp, kan du sende e-post til publikum@detvestnorsketeateret.no. Du kan også laste ned billetten din frå mi side på detvestnorsketeateret.no
Eventim kan sende billettane per post, mot eit fraktgebyr. Dersom du har valt standard post som leveringsmetode, vert billettane sendt til deg hurtigast mogleg, og dei vil vere hos deg innan 10 virkedagar etter kjøpet. Billettane vert sendt til deg med vanleg standardbrev til den adressa du har opplyst ved kjøpet. Er det kort tid til arrangementet, vert brevet sendt med ekspresspost.
Vår strekkode sikrar at den billetten du mottek ikkje kan kopierast eller på annan måte forfalskast. Det er derfor ikkje nødvendig å sende brevet rekommandert, og du treng ikkje vere heime når billettane kjem med posten.
Betaling
Alle prisar er inklusiv moms, skattar og billettgebyr, men eksklusive leveringsomkostningar og andre gebyr. Desse omkostningane framgår separat og som ein del av det samla beløpet under ordreprosessen før betalinga vert gjennomført.
Du kan betale for billettane dine med Visa, Mastercard og Vipps. All kommunikasjon med deg og Eventim føregår kryptert.
Billettgebyr, leverings- og administrasjonsomkostningar
Billettgebyret er inkludert i billettprisen.
Leveringsomkostningane avhenger av kvar billetten skal sendast til. Billettar som skal sendast til Noreg kjem med eit sendegebyr på NOK 59 per transaksjon. Sendegebyr til utlandet er NOK 99 per transaksjon. Kjøper du billetten via Eventims kundeservice kjem det med eit ekspedisjonsgebyr på NOK 25, uavhengig av talet på billettar.
Billetten
Billetten, med den påtrykte strekkoden eller QR-kode, er ditt inngangsbevis til eit konkret arrangement. Billetten er kun gyldig viss strekkoden er aktivert. Det vil seie at billettar som er blitt annullert pga mistet billett o.l, ikkje er gyldig inngangsbevis. Strekkoden vert berre akseptert éin gong. Billetten kan altså ikkje kopierast eller på annan måte forsøkt brukt flere gonger.
Enkelte pristypar krev at du viser gyldig legitimasjon med bilete ved inngang.
Videresal og kommersielle føremål
Det er ikkje tillate å bruke eller overføre kjøpte billettar til kommersielle føremål, blant anna ved:
Bruk av billettar som premiar i konkurransar eller liknande, utan at det er innhenta løyve frå arrangør
Utlevering av billettar der utlevering skjer som betaling for andre ytingar, til dømes sal av reise, restaurantbesøk, hotellopphald og lignande, utan at det er innhenta løyve frå arrangør
Profesjonelt sal gjennom eiga verksemd, eller anna utlevering av billettar, uansett pris.
Bruk eller utlevering av ein billett til kommersielt føremål vil føre til annullering av billetten. Det Vestnorske Teateret/Eventim har rett til å krevje samtlege omkostningar forbunde med annulleringa og som følge av misbruket, minimum NOK 500 per billett.
Merk at det ifølge Svartebørsloven er forbudt å søke oppnådd fortjeneste gjennom videresal av konsertbilletter. (Lov om forbud mot prispåslag ved videresalg av billetter til kultur- og idrettsarrangementer. (2007-06-29).
Mista billett
Dersom e-billetten vert mista før arrangementet, kan vi utstede ny billett til deg utan kostnader. Send e-post til publikum@detvestnorsketeateret.no. Merk at den nye billetten vil ha ny strekkode. Den opprinnelige billetten vert annullert og kan ikkje lenger brukast.
Er det avtalt forsendelse med Posten og du ikkje mottek billetten din, kan vi skrive ut ny billett til deg utan omkostning og risiko for deg. Men etter 30 virkedagar er det ditt eige ansvar om billetten går tapt, og du blir derfor nøydd til å betale for gjenutskrivning av billetten. Gebyret for å skrive ut tapt billett på nytt er NOK 60 i ekspedisjonsgebyr og evt. forsendelsesgebyr.
Byte og angrerett
Vi byter ikkje billetter. Kjøpte billetter vert berre refundert ved avlysningar, og det er ikkje angrerett på billettar iht. Angrerettloven kapittel 5, §19b.
Avlysing
Eit arrangement er avlyst dersom arrangementet ikkje vert gjennomført. Endringar i programmet, spelelokale, delvis gjennomføring av arrangementet o.l. er dermed ikkje ei avlysing og pengane refunderast som regel ikkje.
Refundering
Ved avlyst arrangement vert billetten refundert etter DVT sine vilkår, (men ikkje seinare enn 60 dagar etter arrangementets dato).
Sjølve refunderinga blir gjort av Eventim AS på vegner av og etter instruks fra arrangøren. Refunderinga kjem inn på det kortet som vart brukt til kjøp av billettane.
Som billettformidlar dekker ikkje Eventim AS tap som følge av arrangørens konkurs, avlysing av arrangement eller som følge av andre eventuelle manglar ved arrangementet.
Force Majeure
Arrangørs ansvar for gjennomføring av arrangement, inkludert billettkjøpers rett til refundering, vil i utgangspunktet opphøyre dersom arrangementet vert ramma av ein Force Majeure situasjon før eller under arrangementet. Varsel om Force Majeure skal bli gitt billettkjøparen på SMS og/eller e-post så snart som mogleg. Med Force Majeure meines årsakar som er utanfor arrangørens og Eventims rimelege kontroll som til dømes krig, opptøyer, terrorisme, større sjukdomsutbrudd og epidemiar, brann, flom, streik, nasjonale sikkerhetspålegg eller instruksar frå nasjonale eller lokale styresmakter.
Personopplysningar
Vi registrerer og anvender personopplysningar om deg i overeinskomst med våre retningsliner for personvern og informasjonskapslar.
Reklamasjon og klage
Alle reklamasjonar om sjølve arrangementet, skal rettast direkte til Det Vestnorske Teateret som er din avtalepart. Ta kontakt på e-post publikum@detvestnorsketeateret.no eller ring 55 22 20 20.
Atterhald
Det Vestnorske Teateret vil reservere retten til å annullere utstedte billettar mot tilbakebetaling av billettens pris og gebyr. Eventim og DVT tek atterhald om feil i opplysningar om prisar og for utselde arrangement.
DVT reservere seg retten til å endre på plasstildelinga innanfor samme billettkategori, samt flytting til ein annan kategori mot å utbetale deg ein eventuell prisdifferanse.
DVT er sjølv ansvarleg for billettkjøparens eventuelle direkte tap, der ansvaret føreligg i forhold til norsk lovgivning. Eventims ansvar er i slike tilfelle avgrensa til det betalte billettgebyret.
Det er ikkje tillate å ta med babyar inn i teatersalen på våre framsyningar. Dette er av omsyn til det øvrige publikummet og til skodespelarar på scenen.