Lukk
Søk
Søk Meny

Christine Hope

Skodespelar og manusforfattar

Christine Hope har i ei årrekkje markert seg på landets revyscenar, noko som resulterte i Komiprisen for Noregs beste kvinnelege komikar i 2017. Komedie er hennar spesialfelt, og ho både skriv eigne tekstar og tek på seg regioppdrag.

Mange kjenner ho òg som programleiar i Symesterskapet på NRK. Ho har hatt både store og små roller i ulike TV-seriar, og barna kjenner henne som Cecilie frå Verdens beste SFO.

Etter Bergen Teaterskule i 1995 har ho livnært seg som frilansar i Bergen. Ho har hatt fleire eigne produksjonar på Ole Bull Scene, vore engasjert ved DNS og Teater Vestland, og vart sist sett i E16 Dødsvegen her på Det Vestnorske Teateret.

Christine Hope