Lukk
Søk
Søk Meny

Kristoffer Egset

Skodespelar

Kristoffer Egset er skodespelar frå Molde. Han er utdanna ved Forstudium Teater (2014–2015) og École Internationale de Théâtre Jacques Lecoq i Paris (2015–2017). Etter utdanninga drog han på verdsturné med framsyninga 2100 – A Space Novelty, som mellom anna vann pris for beste framsyning under Bergen Fringe i 2019.

Frå 2021 til 2023 var Kristoffer tilsett ved Teatret Vårt i Molde og Ålesund, der han mellom anna spelte i Den uendelige historia, Tvillingene og Drømmespill. Han leier òg teaterkompaniet Tipsy Ibsen, som vann pris for beste framsyning på Bergen Fringe i 2021 med debutframsyninga Hedda Gabler.

Frå 2023 til 2025 har Kristoffer medverka i ei rekkje produksjonar ved improteatret Det Andre Teatret i Oslo, mellom anna Fantasikontoret, Dette er bare begynnelsen og Ønskedrøm.

Skulerevyen er Kristoffers første framsyning ved Det Vestnorske Teateret.

Kristoffer Egset