Lukk
Søk
Søk Meny

Thomas Bye

Skodespelar og manusforfattar

Thomas Bye er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole, og har jobba på ei rekke teater dei siste 20 åra. 

Han har mellom anna spelt Hamlet, Gregers Werle og Brand. Svært mange såg han i suksessframsyninga Evig Ung på Det Norske Teatret, som blei framført meir enn 200 gonger. 

I tillegg til å vere skodespelar har Thomas skrive fleire teaterstykke, regissert og laga teatermusikk. 

Mellom 2015 og 2021 jobba han som teatersjef ved Teater Ibsen, og er i dag teatersjef her ved Det Vestnorske Teateret. Han spelte også i E16 Dødsvegen våren 2024 her på Det Vestnorske.

Thomas Bye