Lukk
Søk
Søk Meny

Anders Vårdal Gjerde

Skodespelar

Anders Vårdal Gjerde (f. 1991) er skodespelar frå Bergen. Han er utdanna ved Bårdar Akademiet (2014–2017) og har ein mastergrad i musikkteater frå Mountview Academy of Theatre Arts i London (2018).

Før hausten 2024 budde Anders i Oslo, der han medverka i produksjonar som Urinetown the Musical, Jungelboken og Hakkebakkeskogen. Etter å ha flytta tilbake til Bergen, har han allereie stått på scena i God dag herr jul, Mor og barn og Mordet på Michelsen ved Det Vestnorske Teateret.

I Skulerevyen alternerer han for Thomas Bye.

Anders Vårdal Gjerde