Lukk
Søk
Søk Meny

DYLANSELSKAPET

– ein dramakomedie om menn, vennskap og Bob Dylan
Kjøp billettar
Kjøp hotellpakke
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Omlag 2 timar og 20 min. inkludert pause.

Fire menn. Og alt dei aldri seier høgt.
 

Heldigvis har dei Bob Dylan

Fire menn møtest jamleg for å diskutere Dylan, livet, døden - og alt anna dei ikkje snakkar om med kvinnene sine

Men den siste tida har ting byrja å endre seg: Den eine er alvorleg sjuk, den andre har blitt saman med eksen til den tredje, og den fjerde har planlagt ferietur med elskerinna same dag som kona skal føde. Det er duka for sterke kjensler, opprivande samtalar, og djupe erkjenningar. Heldigvis treng dei berre å snakke om Dylan.

 

Kva er det med menn og kjensler?

Når Dylan blir terapi for menn i midlivskrisa

Dylanselskapet er ein dramakomedie om vennskap, menn, aldring og Bob Dylan. Og om kor vanskeleg det kan vere å snakke om det som verkeleg betyr noko. 

Foto frå prøvane: Andreas Roksvåg, Motstroem.

Om stykket og forfattaren

Frå Malmö til Bergen – svensk dramatikk med vestnorsk glimt i auga

Dylanselskapet er skrive av den svenske dramatikaren Dennis Magnusson. Stykket har vore ein stor suksess ved fleire teater i Sverige, og får sin Noregspremiere ved Det Vestnorske Teateret våren 2026. 

Magnusson er ein anerkjend dramatikar, som har skrive for både film og teater. Han står blant anna bak storfilmen Kongen av Bastøy, og han var dramaturg for den internasjonale suksessen La den rette komme inn. 

 

Stjernelag på Hovudscenen

Dei fire karakterane i stykket blir spelte av frå høgre i bilete: Svein Harry Schöttker-Hauge, Lasse Kolsrud, Sigmund Njøs Hovind og Anders Dale.
Vi kan ikkje drøyme om eit betre skodespelarlag! Publikum kan vente seg sterke skodespelarprestasjonar, i ei folkeleg og rørande framsyning som snakkar like mykje til hjartet som til hovudet. 


Foto frå prøvane: Andreas Roksvåg, Motstroem.

Kunstnarleg lag

Av Dennis Magnusson
Omsetjing frå svensk til nynorsk: Aslak Moe
Regi: Simon Lay
Scenografi og kostymedesign: Milja Salovaara
Lysdesign: Silje Grimstad

Colombine Teaterforlag

 

Foto frå prøvane: Andreas Roksvåg, Motstroem.

 

Plakatfoto: Andreas Roksvåg, Motstroem.

 


 

Kunstnarleg lag

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar
  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Kjøp billettar
  13. Kjøp billettar
  14. Kjøp billettar
  15. Kjøp billettar

Bilete

Frå prøver. Foto: Andreas Roksvåg
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Teatermeldingar

Meldingar etter noregspremieren 27. februar 2026