Lukk
Søk
Søk Meny

Lasse Kolsrud

Skodespelar i Dylanselskapet

Lasse Kolsrud  er ein norsk skodespelar, regissør og manusforfattar som har vore ein markant del av norsk teaterliv i fleire tiår. Han var tilsett ved Trøndelag Teater frå 1986 til 1990, og har sidan 1990 vore fast tilsett ved Det Norske Teatret, der han har tolka ei rekkje sentrale roller i klassikarar, nyskriven dramatikk og musikalar.

Som regissør debuterte han med Bikubesong (Det Norske Teatret, 2003), som han òg sjølv dramatiserte etter Frode Gryttens roman. For denne produksjonen vann han Heddaprisen 2004 for årets debut og Kritikerprisen same år. Sidan har han hatt regi på mellom anna Innsirkling (2011),Førstereis (2012), Woyzeck (2014),  Kan nokon gripe inn (2017) Fuglane (2019), Sånne som oss (2014) Menn som ingen treng (2024). På scena har han gjort minneverdige tolkingar i roller som Caligula, Faust, Apollon, i Faderen, i Om mus og menn, Djevelen i The Black Rider og Mercutio i Romeo og Julie. Han har òg vore å sjå i produksjonane Vikla inn i blått,  Dylan på nynorsk, Jazz på nynorsk og Kan nokon gripe inn. Hausten 2025 spelte Kolsrud i Sukker, Once og Arv og miljø ved Det Norske Teatret. 

Sist sett på på tv og film som Trygve Bratteli i Makta  og Biskop Berggrav i Quislings siste dager.

Ved Det Vestnorske Teateret hadde han regien på Frode Gryttens Djevelen og eg, hausten 2020 og var sist å sjå i Skifte med barframsyninga Come Back, Liza, hausten 2023. Våren 2026 er han tilbake ved Det Vestnorske teateret, der vi er glade for å ha han med i ensemblet til Dylanselskapet.

 

Lasse Kolsrud