Lukk
Søk
Søk Meny

Sigmund Njøs Hovind

Skodespelar

Sigmund Njøs Hovind er skodespelar utdanna ved Högskolan för scen och musik i Göteborg (2008–2011) og Teaterhøjskolen Rødkilde i Danmark (2005–2006). Han er kjent for sitt sterke fysiske og rytmiske uttrykk og for å skape tydelege og karaktersterke roller.

Ved Det Vestnorske Teateret har han vore ein sentral del av ensemblet dei siste åra, med roller i Politi! (2024) og Politi! 2 (2025, regi Aslak Moe) – sistnemnde med terningkast 5 – Fuglane (2025, regi Ida Høy), Mordet på Michelsen (2025, regi Thomas Bye) og God dag, herr jul (2023 og 2024). Han har òg medverka ved Teatret Vårt i Jordmor på jorda (2024).

Frå 20. november 2025 og ut januar 2026 spelar Sigmund i Den utrulege historia om den kjempestore pæra ved Det Vestnorske Teateret. Våren 2026 er han òg aktuell i Dylanselskapet på same scene – som del av sitt årsengasjement ved teateret gjennom heile 2026.

Sigmund Njøs Hovind