Lukk
Søk
Søk Meny

Hekken

HEKKEN er ei sanseleg og leiken teateroppleving for barn med funksjonsvariasjonar – ei vandring inn i ei irrgrøn verd av former, lydar og rørsler. Ei tilrettelagd framsyning av Makalaus produksjonar, produsert i samarbeid med Det Vestnorske Teateret.
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Scene 2
  3. Varigheit Ca 40 min.

 

Om framsyninga
På Scene 2 finst det ei heilt eiga verd, ein grøn oase! Gartnaren tek godt vare på denne frodige hagen. Ho er ein meister i faget sitt og har full kontroll. No gler ho seg til å ta imot dykk!

Men alt er ikkje som det skal. Nokon tullar visst med gartnaren. Plantar flyttar på seg, og vasskanna ligg ikkje der ho pleier! Kva er det som skjer? Er det nokon som har flytta inn i Hekken?


HEKKEN er særleg tilrettelagd for barn med funksjonsvariasjonar, men er open for alle. I HEKKEN kan ein røra seg fritt rundt og gå inn og ut av rommet slik ein sjølv ønskjer. Her er alle velkomne.

I forkant av framsyninga vil publikum få tilsendt eit introduksjonshefte med informasjon om innhaldet. Slik kan dei som treng litt ekstra førebuing, få høve til det.

I scenerommet møter de gartnaren, som er vertinna dykkar gjennom opplevinga. Framsyninga handlar om vennskap, leik og nysgjerrigheit.

 


Praktisk info

Scene: Scene 2 på Det Vestnorske Teateret
Varigheit: ca. 40–60 minutt
For barn
Premiere: 23. april
Speleperiode: 23.04–02.05

NB: Dersom du treng rullestolplass må det reserverast på førehand via publikum@detvestnorsketeateret.no

Søsken og foresatte til barn med funksjonsvariasjonar er velkomne til å vere med!

Vi har heis i bygget som går både til 2. og 3. høgda.   

 

Opne framsyningar:

  • Laurdag 25.04: kl.14.00 & 16.00
  • Søndag 26.04: kl.14.00 & 16.00
  • Laurdag 02.05: kl.11:30 & 13:30



Lukka dagframsyningar (NB: Alle desse er no utselde)!

  • Torsdag 23.04 kl.10.00 & 12.00
  • Fredag 24.04 kl.10.00 & 12.00
  • Måndag 27.04 kl.10.00 & 12.00
  • Onsdag 29.04 kl.10.00 & 12.00
  • Torsdag 30.04 kl.10.00 & 12.00

Makalaus produksjonar er eit teaterkompani som utviklar sanselege teateropplevingar. Kompaniet fokuserer særleg på å skape framsyningar for barn og unge med funksjonsvariasjonar. Hekken er kompaniet sin første produksjon.

Kunstnarleg lag

Regi/koreografi: Ingrid Askvik/Berit Einemo Frøysland

Kostyme- og scenografidesign: Tora Troe
Skapande skodespelarar: Sacha Slengesol Balgobin og Stine R. Svellingen
Utøvande musikar: Kaja Linder Henriksen
Komponist: Emily Adomah
Lysdesign: Randiane Aalberg Sandboe
Musikalsk medhjelpar: Elise Nonseid
Produsentar: Stine R. Svellingen & Tora Troe

Produsert ved Det Vestnorske Teateret


Illustrasjon/Plakat: Tora Troe. Foto frå prøveprosess: Motstroen. Foto portrett: Eva M. Rønhovde

Produksjonen er støtta av: 

Kulturrådet / Kulturdirektoratet, Kulturtanken, Vestland fylkeskommune , A/S Bergen Teater og Dramatiske Selskab, Grieg Foundation, Bergen kommune, Fond For Utøvende Kunstnere (FFUK), Bergesenstiftelsen, Scenekunstbruket, Seanse, senter for kunstproduksjon, Fana Sparebank. 

Kunstnarleg lag

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Utseld