Berit Einemo Frøysland (1992) kjem frå Lærdal i Sogn, bur i Bergen og er dansar, koreograf
og skribent. Ho er utdanna ved Balettakademien i Stockholm, Westerdals (tekst og skribent)
og SpinOff Forstudium i dans. I frå 2016-2021 hadde ho base i Berlin og skapa og produserte
fleire eigne danseverk både der og heime i Noreg. Som koreografduo med tvillingsyster Anna var dei med i Nasjonalballetten sin satsing for unge koreografar og sette opp Gigant. Den siste produksjonen hennar Blaff, vart nominert til Årets
forestilling i BT og var blant kritikarfavorittane i 2025. Ho har jobba som utøvar for Jeff Pedersen
Produksjonar, Frikar X, Marina Abramovic, Deborah Hay, Siciliano Contemporary Ballet,
Marit Loe Bjørnstad med fleire. Berit mottok Statens Arbeidsstipend for nyetablerte
kunstnarar i perioden 2022-2024. Ho har òg eit verke som kritikar og skriv om dans og teater
for Norsk Shakespearetidsskrift og Klassekampen. I mai tek ho over som dagleg leiar i Proscen.