Hekken
HEKKEN er ei sanseleg og leiken teateroppleving for barn med funksjonsvariasjonar – ei vandring inn i ei irrgrøn verd av former, lydar og rørsler.
Ei tilrettelagd framsyning av Makalaus produksjonar, produsert i samarbeid med Det Vestnorske Teateret.
Om framsyninga
På Scene 2 finst det ei heilt eiga verd, ein grøn oase! Gartnaren tek godt vare på denne frodige hagen. Ho er ein meister i faget sitt og har full kontroll. No gler ho seg til å ta imot dykk!
Men alt er ikkje som det skal. Nokon tullar visst med gartnaren. Plantar flyttar på seg, og vasskanna ligg ikkje der ho pleier! Kva er det som skjer? Er det nokon som har flytta inn i Hekken?
HEKKEN er særleg tilrettelagd for barn med funksjonsvariasjonar, men er open for alle. I HEKKEN kan ein røra seg fritt rundt og gå inn og ut av rommet slik ein sjølv ønskjer. Her er alle velkomne.
I forkant av framsyninga vil publikum få tilsendt eit introduksjonshefte med informasjon om innhaldet. Slik kan dei som treng litt ekstra førebuing, få høve til det.
I scenerommet møter de gartnaren, som er vertinna dykkar gjennom opplevinga. Framsyninga handlar om vennskap, leik og nysgjerrigheit.
Praktisk info
Scene: Scene 2 på Det Vestnorske Teateret
Varigheit: ca. 40–60 minutt
For barn
Premiere: 23. april
Speleperiode: 23.04–02.05
NB: Dersom du treng rullestolplass må det reserverast på førehand via publikum@detvestnorsketeateret.no
Søsken og foresatte til barn med funksjonsvariasjonar er velkomne til å vere med!
Vi har heis i bygget som går både til 2. og 3. høgda.
Opne framsyningar:
- Laurdag 25.04: kl.14.00 & 16.00
- Søndag 26.04: kl.14.00 & 16.00
- Laurdag 02.05: kl.11:30 & 13:30
Lukka dagframsyningar (NB: Alle desse er no utselde)!
- Torsdag 23.04 kl.10.00 & 12.00
- Fredag 24.04 kl.10.00 & 12.00
- Måndag 27.04 kl.10.00 & 12.00
- Onsdag 29.04 kl.10.00 & 12.00
- Torsdag 30.04 kl.10.00 & 12.00
Intervju med Stine frå Hekken
Hekken er ei sanseleg og inkluderande framsyning, laga spesielt for barn med funksjonsvariasjonar. Korleis skaper ein teater som møter publikum på deira premissar? Vi har snakka med skodespelar og produsent Stine R. Svellingen.

Korleis oppstod ideen?
– For min del starta det på eit kurs under Heddadagane i 2023, der temaet var inkluderande scenekunst. Eg blei veldig inspirert av korleis ein kan lage teater for ulike målgrupper, også barn med funksjonsvariasjonar.
Kva gjorde du vidare?
– Eg tok kontakt med scenograf Tora Troe, som eg kjende frå før. Ho fekk med ein gong tru på ideen, og saman starta vi Makalaus produksjonar. Vi søkte støtte og utvikla prosjektet vidare.
Etter kvart fekk dei med seg Det Vestnorske Teateret som samarbeidspart, og gjennomførte eit forprosjekt våren 2024.
– Då utforska vi ulike retningar. Vi testa mykje forskjellig, og undersøkte kva som kunne fungere for denne målgruppa.
Prosjektet fekk støtte frå fleire instansar og utvikla seg til ei fullskala framsyning.
– Målet var å skape ei visuell og nesten ordlaus framsyning, der lys, lyd, scenografi og musikk spelar like viktige roller. Vi ville lage noko som både er estetisk og tilgjengeleg.
Korleis har møtet med publikum vore?
– Veldig fine publikumsmøte! Vi ser ei tydeleg utvikling i rommet, frå barna kjem inn og møter gartnaren, til dei etter kvart opnar seg og blir meir tillitsfulle.
Mange lærarar og ledsagarar er usikre på kor lenge barna vil bli verande, men vi opplever at dei blir, og responderer positivt på det som skjer.
Ho trekk fram eit konkret døme:
– Ei jente såg framsyninga med skulen, og likte det så godt at ho kom tilbake igjen laurdagen etter.
Også vaksne gir sterke tilbakemeldingar:
– Fleire seier det er godt å vere i eit analogt, sanseleg univers – som å vere i ein hage ein varm vårdag. Det opplevast trygt og roleg, både for barn og vaksne, avsluttar Stine.

Stine og Sacha.
Makalaus produksjonar er eit teaterkompani som utviklar sanselege teateropplevingar. Kompaniet fokuserer særleg på å skape framsyningar for barn og unge med funksjonsvariasjonar. Hekken er kompaniet sin første produksjon.
Kunstnarleg lag
Regi/koreografi: Ingrid Askvik/Berit Einemo Frøysland
Kostyme- og scenografidesign: Tora Troe
Skapande skodespelarar: Sacha Slengesol Balgobin, Stine R. Svellingen, Kaja Linder Henriksen
Komponist: Emily Adomah
Lysdesign: Randiane Aalberg Sandboe
Musikalsk medhjelpar: Elise Nonseid
Produsentar: Stine R. Svellingen & Tora Troe
Produsert ved Det Vestnorske Teateret
Illustrasjon/Plakat: Tora Troe. Foto frå framsyninga: Motstroen. Foto portrett: Eva M. Rønhovde
Produksjonen er støtta av:
Kulturrådet / Kulturdirektoratet, Kulturtanken, Vestland fylkeskommune , A/S Bergen Teater og Dramatiske Selskab, Grieg Foundation, Bergen kommune, Fond For Utøvende Kunstnere (FFUK), Bergesenstiftelsen, Scenekunstbruket, Seanse, senter for kunstproduksjon, Fana Sparebank.
Kunstnarleg lag
Stine Revheim Svellingen
Tora Troe
Sacha Slengesol Balgobin
Kaja Linder Henriksen
Ingrid Askvik
Emily Adomah
Berit Einemo Frøysland
Yvonne Holter Kringstad