Scenepass 365
Fordelar med Scenepass 365
- Fri inngang til alle DVTs eigne produksjonar
- Vi har over 300 arrangement i året – kun 5 kr per arrangement viss du går på alle.
- Du kan sjå framsyningane våre så mange gonger du vil – så lenge det er ledig plass!
- Gyldig i 12 månader frå kjøpsmånad
Pris
- Vaksen: 1 500 kr
- Ung (opptil 25 år): 750 kr
Korleis kjøpe Scenepass 365?
- Klikk: KJØP SCENEPASS 365
- Logg inn eller opprett ein konto.
- Vel Scenepass 365 (vaksen eller ung/student).
- Betal med kort eller Vipps
- Vil du kjøpe Scenepass 365 i gåve? Då må du kjøpe gåvekort på kr 1500 eller 750 (for unge opp til 25 år), så må gåvemottakaren innløyse gåvekortet i Scenepass. Alt skjer enkelt og greit digitalt. Gåvekort kjøper du her
Vilkår for Scenepass 365
- Gjeld i 12 månader frå kjøpsmånad.
- Gjeld for framsyningar og arrangement frå 1.1.26. Kjøper du no i november og desember gjeld det til 31.12.26.
- Billett må bestillast digitalt for kvar framsyning.
- Passet er personleg og kan ikkje overførast.
- Ubrukte pass vert ikkje refunderte.
- Scenepass 365 kan ikkje brukast på gjestespel og på enkelte samarbeidsproduksjonar. Det vil bli opplyst kva framsyningar Scenepass 365 ikkje gjeld på.
- DVT kan avgrense talet på billettar på enkelt produksjonar, dersom dette er framsyningar med redusert kapasitet.
Koleis kjøpe og bruke Scenepass 365 – detaljert framgangsmåte
KJØPE SCENEPASS 365
- Inne på billettkjøp, så vel du Scenepass. Der kan du velje mellom Scenepass 365 eller Scenepass 365 UNG (opp til 25 år). Trykk på «Kjøp her».
- I neste bilete ser du kva periode Scenepass 365 vil gjelde for. Du kan berre kjøpe eit Scenepass 365 per brukar. Trykk «I handlevogna».
- I neste bilete må du bekrefte at du aksepterer dei generelle forretningsvilkåra. Trykk «Vidare»
- I neste bilete kan du leggje inn gåvekortnr dersom du har. Her kan du velje om du ønsker å få nyheitsbrev frå oss. Trykk på «Kjøp no» og følg instruksjonane vidare for betaling
- Når Scenepass 365 er betalt får du opp ei stadfesting side, og i tillegg får du tilsendt Scenepass 365 på mail. Scenepass 365 er no registrert på den brukaren som har kjøpt, og kjem då opp automatisk som eit val når du skal kjøpe billettar
KJØPE BILLETTAR MED SCENEPASS 365
- Når du har Scenepass 365 og skal kjøpe billettar vel du først ein ordinær billett til deg sjølv.
Dersom du skal kjøpe billettar til fleire vel du så desse, og finn den rette billettkategorien dei skal ha. Når du har lagt til dei billettane du skal, ha trykker du på «I handlevogna».
Her kan du sjå dei billettane du har valt, krysse av for vilkåra og trykke «Vidare»
- I neste steg får du opp eit bilete der Scenepass 365 vil liggje under rabattkode.
Der vil du sjå gyldigheita og. Trykk på «Løys inn».Då vil du ha brukt Scenepass 365 på dette arrangementet og du vil få opp pris 0,-. Dersom du og kjøper til andre, så vil prisen for desse billettane kome opp her. Trykk «Kjøp no».
Dersom du berre har ein billett vil du kome til ein stadfestingsside og får ein mail med billetten din. Dersom du har fleire billettar vil du kome til betalingssida, og følgjer informasjonen der.
Hugs at Scenepass 365 er personleg, og du kan verte spurt om legitimasjon i døra, som då skal samsvare med namnet på billetten.
Du kan kjøpe så mange billettar du vil til kvart produksjon, men berre ein billett per arrangement per dag (nokre unntak gjeld. Sjå vilkår)
Kva skjer i 2026?
Inkludert i Scenepass 365:
- Den utrulege historia om den kjempestore Pæra, musikal på Hovudscenen i januar, familieframsyning frå 5 år +
- Pernilleprisen -Show og prisutdeling 8. februar
- Dylanselskapet, dramakomedie, Hovudscenen
- 22. juli – Vestland. Hovudscenen (kun 3 framsyningar)
- Vi er brødrene Eikemo, Hovudscenen
- Flyg vesle sommarfugl, familieframsyning på Hovudscenen
- Mordet på Michelsen, inne på Gamlehaugen (kjem i billettsal før jul)
- Ny komedie, haustsesongen, Hovudscenen
- Arrangement i Skifte kulturbar (konsertar, tryllepub, forfattarkveldar, teatergøy for barn, improkveldar etc.)
- Framsyning for dei yngste, haustsesongen (vert lansert til våren)
(Programmet kan endrast. Følg med på nettsida vår.)
PS – enkelte dagar/framsyningar vert fort utselt, så det kan vere ein fordel å hente seg ut billettar raskt.
Musikalen
Den utrulege historia om den kjempestore pæra
Ekstraframsyningar i januar. Billettane går unna!
Dramakomedie. Svensk suksess
Dylanselkapet – Norgespremiere 27. februar i Bergen
Fire menn møtest jamleg for å diskutere Dylan, livet, døden - og alt anna dei ikkje snakkar om med kvinnene sine. Heldigvis har dei Bob Dylan.
Les meir – og få gratis med Scenepass 365
Urpremiere 13. mars.
22.JULI – Vestland. Kva vil vi hugse?
Dei var på leir for å forandre verda. Dei kom aldri heim. Femten år etter fortel vi historia om dei seks ungdommane frå Vestland som vart drepne på Utøya.
Les meir – og få gratis med Scenepass 365
Marit Eikemo sin bestseljar blir teater!
Vi er brødrene Eikemo – urpremiere 3. september
Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo vaks opp. Marit Eikemo kjem heim for å rydde. Huset skal seljast. Men korleis ryddar ein i eit heilt liv?
Les meir – og få gratis med Scenepass 365