Lukk
Søk
Søk Meny

Vi er brødrene Eikemo

Marit Eikemo sin bestseljar blir teater!
Kjøp billettar
Kjøp hotellpakke
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Ikkje avklart enno

 

Ei vestnorsk historie om familie, arbeid og samhald

Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo vaks opp. Marit Eikemo er heime for å selje huset, som er fullt av minne.

Men korleis ryddar ein i eit heilt liv?
Og kva gjer ein med alle historiene, alle tinga, alle minna? Kven bestemmer kva som er verdt å ta vare på?

 

Energisk familiekrønike

Vi er brødrene Eikemo er ei energisk og hjarteskjerande framsyning om fem brør, og om Marit, som er dottera til den eldste av dei. Om arbeid, oppvekst og eit land i endring. Vi følgjer eit Odda frå etterkrigstid og industri, via sjølvbyggarånd og oppfinnartrong, til dagens glitrande bygdemytologi – og Lothepus si stavkyrkje.

Her finst historier om bilar bygde utan teikningar, eigenkonstruerte båtar på ti tonn, og korleis brørne sette ein uslåeleg verdsrekord i maratonløp.

Og bak alt: Skuggen frå faren deira, som døydde brått og etterlét fem barn mellom fire og fjorten år.

Her møter du ekte vestlandsgalskap og eit hjarte som bankar for familien, for arbeidet og for Odda.

 

Tre kvinner

Tre kvinnelege skodespelarar speler eit heilt nabolag fullt av karakterar: Brør, koner, ungar, onklar og vennar.
Med varme og humor fortel dei historia om dei som bygde landet – og om oss som arva draumane deira.

Bak latteren og dei gode forteljingane ligg spørsmålet vi alle kjenner:
Kva er verdt å ta vare på – og kva må vi sleppe tak i?

 

Om romanen


Marit Eikemo sin roman Vi er brødrene Eikemo kom ut i 2024, og fekk terningkast 6 i VG og vart omtalt som

«Ei lita bok, men eit storslått lerret av ei forteljing frå Norges industristadshistorie.»

No får romanen nytt liv på scenen i eit samarbeid mellom Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.
Ei forteljing om alt det som går tapt – og alt det som held oss saman.

 

Kunstnarleg lag

Av Marit Eikemo
Dramatisert av Thomas Bye
Regi: Jeff Pedersen
Scenografi og kostymedesign: Silje Sandodden Kise
Dramaturg: Aslak Moe

Med: Christine Hope, Idun Losnegård og Irene Waage.
Produsert av Det Vestnorske Teateret i samarbeid med Teater Vestland. 

 


Urpremieren finn stad: Torsdag 3. september kl. 19:00 på Det Vestnorske Teateret, i Bergen. 
Speleperiode på Det Vestnorske Teateret til og med 10. oktober.
Speleperiode på Nynorskhuset i Førde, Teater Vestland etterpå. 
 

 

……………………………………………………………………………………………………………………………………………….

Framsyninga inngår i Scenepass 365 på Det Vestnorske Teateret, dersom du har kjøpt årskortet vårt. 

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar
  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Kjøp billettar
  13. Kjøp billettar
  14. Kjøp billettar
  15. Kjøp billettar
  16. Kjøp billettar
  17. Kjøp billettar
  18. Kjøp billettar
  19. Kjøp billettar
  20. Kjøp billettar
  21. Kjøp billettar
  22. Kjøp billettar
  23. Kjøp billettar
  24. Kjøp billettar
  25. Kjøp billettar
  26. Kjøp billettar
  27. Kjøp billettar
  28. Kjøp billettar