Lukk
Søk
Søk Meny

Den utrulege historia om den kjempestore pæra

Velkomen til ein eventyrleg musikal for heile familien! Den utrulege historia om den kjempestore pæra er basert på Jakob Martin Strid si populære bildebok.
Kjøp billettar
  1. Spelar 20. november - 20. desember
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Ikkje avklart enno

 

Om handlinga

Når idyllen i Solby blir truga av viseborgarmeister Kvist, må katten Mitcho og elefanten Sebastian redde småbyen frå å bli ein trist plass å bu. Med ei kjempestor pære som båt seglar dei av garde for å finne den sakna borgarmeisteren JB. På vegen møter dei sabelsvingande piratar, ein skummel sjødrage og uhyggjelege spøkelse, men òg farar som kanskje ikkje er så farlege likevel. Passar for born frå fem år og oppover – for dette blir teatermoro for heile familien!

Det fargerike, fantasifulle og sprø universet til Jakob Martin Strid har funne vegen til mange bokhyller, og teaterversjonen av «Den utrulege historia om den kjempestore pæra» blir minst like fartsfylt og humoristisk som boka ho er basert på. I tillegg til mystikk, mot og moro, er framsyninga lasta med songar og musikk av Julian Berntzen.

Med andre ord ligg alt til rette for ein pærefekt kveld på teateret.

 

 

Praktisk info:

  • Billettsal: Billettar kan kjøpast gjennom både Det Vestnorske Teateret (venstre side) og Den Nationale Scene (høgre side). Vi har sjølvsagt dei samme billettprisane. 
  • Tilgjengelegheit: For rullestolplassar eller medhøyrsanlegg, kontakt publikum@detvestnorsketeateret.no

 

Ei unik moglegheit for ein teaterkveld med familien i førjulstida!

 

Stykket passar for heile familien

Eventyrleg handling: Bli med katten Mitcho og elefanten Sebastian på ei reise fylt med piratar, sjødragar og skumle spøkelse!

Fargerikt univers: Eit sprudlande teaterstykke basert på den populære boka som har fanga hjarta til mange barn.

Musikalsk glede: Julian Berntzen og Kato Ådland har komponert og arrangert fengande musikk som vil få både små og store til å smile.

“Pærefekt” for familien: Ein unik sjanse til å oppleve moro, mot og mystikk saman.

 

Musikalen – Den utrulege historia om den kjempestore pæra

av Jakob Martin Strid

  • Manus og songtekstar: Anders Lundorph
  • Musikk: Julian Berntzen
  • Underscore og musikkproduksjon: Kato Ådland
  • Basert på: Den utrulege historia om den kjempestore pæra av Jakob Martin Strid
  • Omsett frå dansk:  Aslak Moe

Fleire namn kjem! 

  • Produsert i samarbeid mellom Den Nationale Scene og Det Vestnorske Teateret. 
  • Produsert etter avtale med Songbird Agency og  Gyldendal Group Agency København. 
  • Illustrasjon: Jacob Martin Strid. Logo: Julian Berntzen

Billettar

  1. Utseld

  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar
  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Kjøp billettar
  13. Kjøp billettar
  14. Kjøp billettar
  15. Kjøp billettar
  16. Kjøp billettar
  17. Kjøp billettar
  18. Kjøp billettar
  19. Kjøp billettar
  20. Kjøp billettar
  21. Kjøp billettar
  22. Kjøp billettar
  23. Kjøp billettar