Lukk
Søk
Søk Meny

Politi! 2

Speleperioden er ferdig. Takk for alle som kom og flotte tilbakemeldingar. I denne andre delen av trilogien om politiet i Bergen skal vi tilbake til nittitalet.
Kjøp hotellpakke
  1. Spelar
  2. Scene Scene 2
  3. Varigheit ca 2 timar inkludert pause


Medan ekkoet av politivaldssakene stadig kan høyrast mellom veggane i politihuset, held politiet og påtalemakta i Bergen fram med å gjere grove feil som øydelegg livet til uskuldige: I Mindedrapet, i Landåssaka og i rådmannssaka, som òg blir til Wegnersaka. 


Byen vest for loven

Felles for personane som blei skulda i sakene er at dei stakk seg ut – og derfor pådrog seg mistanke. Dei hadde også til felles at dei til slutt vart frifunne, takka vere hjelp frå andre enn politiet og påtalemakta – anten det no var dyre medhjelparar, angrande kriminelle eller oppofrande idealistar. «Det er ille overalt, men det er verst i Bergen - byen vest for loven», seier kjendisetterforskaren og austlendingen Ola Thune.
Er det verkeleg sant? Og i så fall kvifor?

 

Intrigar og kamp

Politi! 2 er ein kollisjon mellom den patriotiske bergensaren og den kompromisslause austlendingen. Saman levandegjer dei ulike synsvinklar på sakene og hendingane. Når den intime og intense framsyninga er slutt, har dei forhåpentleg kriga seg ferdig. Og du har vore med på ein berg- og dalbane av mystisk terror mot kommunetoppar, infame intrigar på politikammeret, kamp for å overleve offentleg fornedring og sist men ikkje minst; kampen for politiets gode namn og rykte, og for byens ve og vel.


 Film: Motstroem

Kunstnarleg lag


Manus og regi: Aslak Moe
Scenografi og kostyme: Lise Christensen
Lysdesign: Jan Holden

Med: Sigmund Njøs Hovind og Vibeke Flesland Havre
…………………………………………………………………………………..

Kjelder
 

Politi! 2 skildrar verkelege hendingar, på ein teatral måte. Framsyninga siterer følgande kjelder: 

 

Kammerspill – En thriller med Rolf B. Wegner i hovedrollen, av Haakon B. Schrøder og Finn Bjørn Tønder.  Vigmostad og Bjørke, 1997. 

Byen vest for loven - Ukultur, maktspill og udugelighet i Bergen, av Ola Thune og Thomas Winje Øijord. Kagge, 2016. 

Bt.no, nrk.no og andre nettarkiv. 

Samtalar med Rolf B. Wegner, Halvor Folgerø, politifolk i Bergen og ein tidlegare rådmann i Bergen og kona hans. 

 

 

Om trilogien

Politi! 1 hadde premiere januar 2024. Politi! 2 har premiere 27.september 2025, og den siste Politi! 3 kjem i 2027. Dei tre er frittståande stykke og du treng ikkje sjå alle tre for å ha utbytte og glede av kvar del.



Les intervju i Bergens Tidende (publisert 13. mai)

…………………………….…………………………………….

Skodespelar

Skodespelar

Bilete

Foto: Andreas Roksvåg
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Teatermeldingar

Meldingar etter urpremieren 27. september