Lukk
Søk
Søk Meny

Frå Dylan-kveld på Hulen til Dylanprogram i Skifte

Steinar Thorsen er vert og kurator for Dylanprogrammet i Skifte i vinter. Programserien gir publikum eit nærare møte med Bob Dylan sitt kunstnarskap gjennom samtale og livemusikk, og fungerer samstundes som ein inngang til framsyninga Dylanselskapet på Hovudscenen.

Publisert

Vi tok ein prat med Steinar då han var på befaring i Skifte Bar.

Frå kassett i båt til livslang fascinasjon

Steinar si interesse for Bob Dylan starta tidleg. Han har to eldre brør, og i 1976 var han ti år gammal. Ein dag den eine broren var ute med båt, mista han Dylankassetten Blood on the Tracks nedi båten, slik at han vart full av søl. Broren ville kaste kassetten, men Steinar og mora tørka han og fekk kassetten til å fungere igjen.

– Då vart interessa mi for Dylan fanga, og eg spelte denne kassetten om og om igjen. Songane til Dylan hadde spennande ord og vendingar som eg ikkje heilt forstod, men som eg vart veldig fascinert av.

Då Steinar mista faren sin tidleg, fekk musikken til Bob Dylan ei endå større tyding for han. Gjennom songane vart Dylan ein slags farsfigur han søkte mot.

– Hadde det ikkje vore for Dylan, hadde eg truleg ikkje byrja å jobbe med teater. Mange ser på Bob Dylan som eit av dei mest kreative menneska i moderne tid, og for meg var han djupt inspirerande, fortel Steinar.

Stappfull Dylan-kveld på Hulen

Steinar har jobba med teater og kultur i fleire tiår, mellom anna ved Vestlandske Teatersenter og med Kompani 13. Etter studiar ved Universitetet i Bergen tidleg på 1990-talet valde han å bli verande i byen.
Som student tok han initiativ til ein Dylan-kveld på Hulen.

– Eg hadde lyst til å lage ein hyllest til Dylan og samla fem vokalistar, meg sjølv inkludert, og eit band. Det vart heilt «sjåka» fullt, rundt 400 personar kom, og vi måtte avvise folk i døra.

Konserten blei meldt i Bergens Tidende og i fleire tonegjevande musikkpublikasjonar på den tida. Hulen-konserten blei starten på bandkarriera til Dylan Dogs, som sidan har turnert både i Noreg og i utlandet og gitt ut fleire plater.Bandet har halde det gåande i mange år og spelt jamleg. Steinar fortel engasjert om ein konsert på Rockefeller i Oslo, der interessa var stor, også blant etablerte musikarar.

– Arrangøren kom bort til oss og sa at sjølvaste Bob Dylan sin gitarist, Mason Rufner, ville spele med oss. Ein annan gong dukka Dylan-gitaristen opp på ein festival vi spelte på, og vart med oss på scenen då òg.

Gjennom åra har kjende folk som Jo Nesbø, Claudia Scott og Håvard Rem også spelt med Dylan Dogs.

Eit nyare foto av Dylan Dogs, med Steinar Thorsen som vokalist. Foto: Privat

 

Dylanprogram i Skifte og vegen mot Dylanselskapet

Steinar er takksam for tilliten han har fått frå Det Vestnorske Teateret og teatersjef Thomas Bye. No skal han vere vert for og kuratere åtte kveldar med Dylanprogram i Skifte. Programserien fungerer som ei inngangsdør til dramakomedien Dylanselskapet på Hovudscenen, og gir publikum sjansen til å bli kjend med Bob Dylan sitt univers gjennom personlege forteljingar, samtalar og mykje livemusikk. Her blir ulike sider av Dylan løfta fram, både som kunstnar, tekstforfattar og inspirator, i møte med spennande gjester frå ulike delar av kulturlivet.

– Det blir interessant å høyre gjestene fortelje om sitt forhold til Dylan og få nye perspektiv. Samstundes er det viktig å understreke at ein ikkje treng å vere Dylan-fan for å ha glede av desse kveldane. Dette er eit tilbod for alle, avsluttar Steinar.

 

Steinar ser fram til interessante samtalar og musikalske godbitar, i samspel med gjester, denne vinteren i Skifte


Tekst og foto: Irene Smørdal.