Dylanprogram i Skifte
Over fleire kveldar går vi inn i Bob Dylan sitt mangfaldige univers – musikken, tekstane, påverknaden og motseiingane. Dylankjennar og artist Steinar Thorsen er vert og har med seg ei rekkje sterke stemmer frå musikk, litteratur og scenekunst.
Gjennom samtale, refleksjon og levande musikk blir Dylan sett i historisk, kunstnarisk og personleg lys. Kveldar for både innbitne Dylan-lyttarar og nysgjerrige sjeler!

Onsdag 18. mars kl. 21:00 – 22:30
Det menn snakkar om når dei snakkar om Dylan
Menn snakkar kanskje ikkje mykje om kjensler, men som vi ser i stykket Dylanselskapet, er Dylan ein leverandør av nøklar inn i mannesjela – til sårbarheit, draumar, maktambisjonar, frykt, kjærleik og sorg. Kva er det med Dylan og mannesjela? Resonnerer songane heilt til botn i mannen sitt djupe sjeleliv, og i så fall korleis og kvifor?
Steinar Thorsen i samtale med teatersjef Thomas Bye og skodespelarane Lasse Kolsrud og Anders Dale. Gjestene framfører dømesongar, akkompagnerte av The Underdogs.
Lørdag 21. mars kl. 21:00 – 22:30
Dylan Dogs m/gjester
Denne kvelden feirar vi avslutninga på arrangementsserien «Dylanprogram» med konsert med Dylan Dogs og gjester på Scene 2.
Dylan Dogs har spelt musikken til Dylan i 32 år. Dei fortel om sentrale opplevingar knytte til Dylan – og om kva det er med Dylan og krafta i musikken hans som kan forandre og prege livet til folk.
Gjester: David Chelsom Vogt og Eirik Vassenden
Konsertstart kl. 21:00

Gjennomførte arr:
Onsdag 21. januar kl. 20:00 – 21:30 : Dylan – stemma til ein generasjon
Steinar Thorsen i samtale med Embla Karidotter og Eirik Vassenden om Dylan si historiske og filosofiske plassering. Med musikk av Underdogs – saman med Embla Karidotter og Eirik Vassenden.
Onsdag 28. januar kl. 20.00 – 21:30: Min Dylan
Kva er det med Dylan og denne krafta som kan forandre og prege folk sine liv? Steinar Thorsen fortel, saman med Roger Fjellstad Olsen og Jan Sigurd Vadseth, om deira forhold til Dylan – illustrert gjennom songar, akkompagnerte av Dylan Dogs.
Onsdag 04. februar kl. 20:00 – 21:30: Dylan, Doddo og David
Steinar Thorsen i samtale med Eduardo «Doddo» Andersen og David Chelsom Vogt om korleis Dylan har inspirert låtskrivinga deira og synet deira på musikken. Vi får musikalske døme frå favorittsongane deira, og frå eigne låtar inspirerte av Dylan, akkompagnerte av Underdogs.
Onsdag 18. februar kl. 20.00 – 21:30: Fortente Dylan Nobelprisen?
Med utgangspunkt i Nobelprisen i litteratur er det relevant å diskutere om Dylan sine tekstar har ein litterær verdi utover det dei har i samspel med musikken. Dylan stilte sjølv dette spørsmålet i takketalen då han mottok Nobelprisen i litteratur.
Steinar Thorsen i samtale med Gisle Selnes, Pedro Carmona-Alvarez, Eirik Vassenden og Tarjei Vatne. Musikalske illustrasjonar ved Underdogs og panelet.
Onsdag 25. februar kl. 21:00 – 22:30: Dylan og damene
Mange meiner at Dylan skriv mannen si stemme, og at han har eit negativt forhold til kvinner. Tidleg i karrieren var Bob Dylan kjend for å identifisere kvinner han hadde hatt romantiske forhold til. Nokre av songane er panegyriske i hyllinga si, andre er fandenivoldske i negativiteten sin. Nokre hevdar at Dylan si kjærleiksdikting har røter i klassisk kjærleikspoesi heilt tilbake til renessansen. Men kvar står eigentleg kvinnene i Dylan si dikting? Og kva forhold har dagens kvinnelege artistar til Dylan?
Steinar Thorsen i samtale med Tine Taule, Lovise Espeland og Knut Arne Wensaas. Gjestene framfører dømesongar, akkompagnerte av The Underdogs.
Onsdag 04. mars kl. 21.00 – 22:30: Dylan på Norsk
Lèt Dylan seg omsetje, eller må ein gjendikte han? Norske versjonar av Dylan – frå Jan Erik Vold til Tom Roger Aadland.
Steinar Thorsen i samtale med Tom Roger Aadland og Tarjei Vatne, der dei spelar sine versjonar av Dylan på norsk.