Lukk
Søk
Søk Meny

Yngve Sundvor

Regissør

Yngve Sundvor er ein av dei mest erfarne og særprega teaterregissørane i Noreg. Han er utdanna ved det russiske akademiet for scenekunst, GITIS, i Moskva, og har gjennom ein lang karriere laga rundt 50 teaterproduksjonar i inn- og utland.

Sundvor har vunne Heddaprisen for regi og Kritikarprisen for teater, og er kjend for å kombinere høg kunstnarleg kvalitet med låg terskel for publikum. Stilen hans er smart, leikent, varmt og fullt av forteljarglede.

Han har mellom anna markert seg med ei rekkje kritikarroste framsyningar baserte på Knut Hamsuns forfattarskap, og med Statsteatret gjorde han norsk historie til folketeater gjennom ti framsyningar frå 1066 til 2066.

Sist han besøkte Det Vestnorske Teateret, skremde han livet av publikum med skrekkframsyninga Kvinna i svart. No er han tilbake med ei heilt anna historie: FINN.

Yngve Sundvor