Even Børsum er ein av Noregs mest etablerte scenografar og har arbeidd med scenografi sidan 1995. Han er utdanna ved Nordiska Scenografiskolan i Stockholm og debuterte som scenograf ved Nordland Teater berre 22 år gammal.
Gjennom ein lang karriere har han hatt oppdrag ved dei fleste store teaterscenane i Noreg, mellom anna Nationaltheatret, Det Norske Teatret, Den Nationale Scene, Trøndelag Teater og Den Norske Opera & Ballett. Han har òg arbeidd med kostyme- og lysdesign, TV-produksjonar og teater i Sverige.
Blant dei mange produksjonane han har arbeidd med, finn vi Jungelboka, Next to Normal, Brørne Løvehjarte, Kong Lear, Romeo og Julie og Ghost – Ibsens gjengangarar.
Ved Det Vestnorske Teateret har han arbeidd på “God dag herr Jul”.