Pressemld 10.12.21 Teatersjef

Teatersjef Solrun Toft Iversen har orientert styret til Det Vestnorske Teateret (DVT) at ho fråtrer når åremålet hennar som teatersjef går ut 1. juli 2023.

Publisert



Teatersjef Solrun Toft Iversen går av når åremålet går ut 1. juli 2023

Teatersjef Solrun Toft Iversen har orientert styret til Det Vestnorske Teateret (DVT) at ho fråtrer når åremålet hennar som teatersjef går ut 1. juli 2023.

Iversen seier at ho vil ha fullt fokus på å gjennomføre det fyldige teaterprogrammet som er planlagt for 2022 og jobbe vidare med planar for første delen av 2023. I tillegg vil ho framleis utvikle teateret og leie den daglege drifta.

-Det er framleis ei stor glede og ære for meg å få leie Det Vestnorske Teateret. Teateret treng no å starte leitinga etter ein ny sjef, sjølv om eg enno har halvanna år igjen av mitt åremål. Eg håpar og trur at det er mange gode kandidatar som kan tenke seg å stå i spissen for ei vidare utvikling av dette vesle teateret med dei store ambisjonane. Framleis er eg takksam for å kunne fylle dagane med eit så meiningsfullt arbeid saman med så mange fine kollegaer. Det har vore og er eit privilegium. Mitt engasjement for å bygge eit nynorsk teater i Bergen vil stå ved lag i den resterande tida av min teatersjefsperiode liksom min store kjærleik til Det Vestnorske vil fylgje meg resten av livet, seier Solrun Toft Iversen i ein kommentar.

- Solrun Toft Iversen har vore den beste teatersjefen Det Vestnorske Teateret kunne få då ho tiltredde i mai 2017, seier styreleiar Pål W. Lorentzen. – Gjennom sitt eineståande nettverk blant vestnorske forfattarar og norske og nordiske utøvarar har ho løfta fram teateret til ein viktig arena for ny nynorsk dramatikk, og gitt rom for mange nye stemmer på teaterscena i Bergen sentrum.  Teateret og repertoaret har fylt eit viktig tomrom for det vestnorske, men og for det nasjonale publikummet.  Fleire av produksjonane hennar har vorte spelt, og skal spelast i Oslo og på andre scenar rundt i Norge.

- Oppbygginga av teateret i Bergen sentrum, vekst og kunstnarlege resultat så vel som publikumsvekst har vore formidabel, og styret vil arbeide for å finne ein kandidat som kan vidareføre denne utviklinga, seiar styreleiaren.

Styret for DVT vil gå i gang med arbeidet med å finne ny teatersjef og utlysing kjem på nyåret.