Lukk
Søk
Søk Meny

Program- og arrangement-
ansvarleg, Skifte

Vil du vere vår nye vert og programansvarlege på barscena vår?

Det Vestnorske Teateret programmerer på tre ulike scener. Skifte er vår minste scene, og er tilknytt teateret sin bar. Her har vi eit variert tilbod og høg aktivitet. Vi har som mål å ha minst 50-60 arrangement i året.

Om stillinga 

Program- og arrangementsansvarleg (programansvarleg) har eit overordna ansvar for innhaldet i Skifte, i samarbeid med teatersjef. Hen er òg ansvarleg for gjennomføring, og det er forventa at vedkomande er til stades på dei fleste arrangementa.

Programmeringa blir gjort i tråd med teateret sin strategiplan, og skal samsvare med Det Vestnorske Teateret sin profil.

  • Programansvarleg har eit eige budsjett. Det er forventa at ein kan arbeide innanfor dei økonomiske rammene, og nytte midlane på ein effektiv og inkluderande måte.
    Vi vektlegg mangfald i programmeringa, både når det gjeld medverkande og publikum. 
     
  • Programansvarleg har ansvar for å forhandle rammer og honorar med alle medverkande.
     
  • Programansvarleg utarbeider marknadsmateriale i samarbeid med marknadsavdelinga.
     
  • Det er òg ønskjeleg at hen medverkar til aktivitet på sosiale media. 


Det Vestnorske Teateret er ein viktig nynorskinstitusjon både i Vestland fylke og nasjonalt, og du må meistre nynorsk som arbeidsspråk. 
Løn etter tariff. 


Rapportering 

Programansvarleg rapporterer til teatersjef i redaksjonelle og kunstnarlege saker, og til økonomisjef og direktør med omsyn til økonomiske spørsmål. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Teatersjefen har personalansvar for programansvarleg. 


Søkjarlista er offentleg. Det må særskilt grunngjeving til for å få unntak frå offentleggjering frå søkarlista.

Tiltreding i stillinga frå  1. februar 2026, eventuelt etter nærare avtale.  
Dette er ei fast, 80% stilling. 

Søknadsfrist 29. desember 2025

Søkjarlista er offentleg. Det må særskilt grunngjeving til for å få unntak frå offentleggjering frå søkarlista.

Spørsmål om søknad og stillinga?
Ta gjerne kontakt med teatersjef Thomas Bye på mob.: 907 56 479 / e-post: thomas@detvestnorsketeateret.no


Søknad sendast til

stilling@detvestnorsketeateret.no