Lukk
Søk
Søk Meny

Wonderland

Gjestspel – Bergen Dramatikkfestival. Billettslepp i løpet av juni.
  1. Spelar
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit ca 1 time og 30 min.


WONDERLAND er ei sterk og fysisk framsyning om morskap, makt og rettstryggleik i Europa. Ei ung kvinne reiser frå Oslo til Wien, forelskar seg og blir gravid – men når forholdet bryt saman, blir livet hennar snudd til ein kamp for retten til sitt eige barn.

Åleine i eit framandt system må ho kjempe for å bli trudd og forstått. Korleis påverkar bakgrunnen hennar møtet med familie, helsevesen og rettssystem?

Framsyninga rører seg mellom kjærleik, sjukehus og rettssalar, og utforskar kva som skjer når individ, familie og system kolliderer.

WONDERLAND hadde urpremiere våren 2026 og blir vist igjen hos oss på Det Vestnorske Teateret, som del av Bergen Dramatikkfestival, ein festival for ny og aktuell dramatikk.

Kunstnarleg lag:

Dramatikk, regi og utøvar: Pinar Ciftci
Scenografi og kostyme: Solveig Holthe Bygdnes
Kunstnarisk medblikk: Terese Mungai-Foyn
Musikk: Bendik Hovik Kjeldsberg
Lys: Yasin Gyltepe
Co-produsent: Rosendal Teater