Vestlandsmeisterskapen i Teatersport
Ver med på å kåre dei beste teaterimprovisatørane på Vestlandet!
Bli med på å heie fram dine favorittar! Det gjer du ved å komme på Det Vestnorske Teateret laurdag 2. mai kl. 19.00. Der skal flinke improvisatørar ta alle triks i bruk, for å få til den beste scenen, dei høgaste latterbrøla og den beste underhaldninga.
Som alltid på ein improscene, er det ingen som veit kva som skal skje, men vi lovar at det blir gøy!
Er du klar for ein kveld med improvisasjon, latter og overraskingar?
Vinnarane går vidare til norgesmeisterskapen på Lillehammer.
Dine heiarop betyr alt!
Påmeldte lag:
Kambucha: Thea Hjelmeland, Erik Andreas Røkland, David Revheim og Ingeborg Meyer Lysne
Gagaga: Morten Brun, Gabriela Gawel, Thomas Bolstad og Frida-Sofie Solheim
Skeiv impro: Mari Ulleberg, Roy Langåker, Szymon Wiesław Różycki og Oda Høiberg
Innbytterbenken: Miranda Rom Rysstad, Manuel Innvær, Rebekka Dybvik og Gard Eriksen
Dommarar: Martine Utne, Britt-Laila Ormevik og Stine Revheim Svellingen
Konferansier: Bjarte André Misje
Musikar: Kjetil Diepeveen Skaugen
Arrangørar: Bakscenen og Det Vestnorske Teateret
Støtta av Norsk Amatørteaterforbund
Sikre deg billett i dag og bli med på Vestlandet si største teatersport-hending!