Lukk
Søk
Søk Meny

Viseskiftet

Til septemberutgåva av Viseskiftet får vi besøk av Hersleb Visekollektiv.
Kjøp billettar
  1. Spelar Neste kveld: Torsdag 17. september kl. 20.
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit ca 1 time og 30 min.

 

Vertane August Selnes og Lovise Espeland byr opp til samspel, framføringar og samtale med utvalde gjester som lever av, med eller for visemusikk og lyrikk.
Sett deg ned – stearinlysa er tende, borda dekte med velurduk og tappekrana er intakt– du er blant venner no.


Haustens datoar:​ 20. august, 17. september, 15. oktober, 19. november og 17. desember. Gjestene vert annonserte etterkvart. 

 

Program 17. september

Til septemberutgåva av Viseskiftet får vi folkerikt besøk frå Oslos undergrunn.

Hersleb Visekollektiv består av strengjespelarar, songarar og ein perkusjonist som allereie gjennom sitt første album har skapt eit finurleg og særeige musikalsk univers fullspekka av overraskande vendingar og med hundar som tematisk omdreiingspunkt.

 



Kollektivet spring ut av ein serie visekveldar som starta opp på Hersleb Bar og Grill på Grünerløkka i 2023. Konsertkveldane, som utan unntak har nemnde kollektiv sist på programmet, er for lengst ute av dei grillosfylte lokala, og har no innteke Hjelms gate 3 - Det gamle hovudkvarteret til gateavisa på Majorstuen. Men trass tilhaldstaden si radikale historie, lagar ikkje Hersleb Visekollektiv venstrevridne kampsongar. Dei syng heller på humoristisk og smått absurd vis om å vere ung i Oslo. Og alltid om hundar.

Kollektivet har dei siste somrane turnert landet på tvers. Då speler dei på alle strenger, for internt i kollektivet er det fleire mindre grupperingar som alle gjer seg gjeldande på visescena om dagen: Wold Wiggen, Vildebjønns selskap og Sigurd Rogde.

 

 

 

 

 


 

Arr. plakat– foto: Daniel Bjørkedal

Viseskiftet den 15. mai blei meldt i Bergens Tidende og fekk 5 hjarte.  Les meldinga her 

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar

Bilete

Foto av kveldens artistar
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}