Lukk
Søk
Søk Meny

Viseskiftet

Viseskiftet  er eit nytt konsept der vi inviterer til musikk, samtale og overraskingar i  Skifte bar. ​Ein torsdag i månaden blir Skifte bar forvandla til ei heimekoseleg stove fylt med nye og gamle viser.
Kjøp billettar
  1. Spelar Torsdag 16. april kl 20:00
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit ca 1 time og 30 min.

Vertane August Selnes og Lovise Espeland byr opp til samspel, framføringar og samtale med utvalde gjester som lever av, med eller for visemusikk og lyrikk.
Sett deg ned – stearinlysa er tende, borda dekte med velurduk og tappekrana er intakt– du er blant venner no.


Premiere på Viseskiftet 16. april!

Til verdshistorias første Viseskiftet 16. april kjem tre unge, vestlandske musikarar med noko å melda.

Iver Strand Senneset frå Bremanger syng, speler og skriv låtar for publikums- og P1-favoritten Oddny.

Synneva Gjelland frå Voss skriv, syng og speler i det pønkete, politiske visebandet Sliteneliten. Ho har tonesett dikt av Halldis Moren Vesaas, driv gard på heiltid og speler hardingfele på si.

Edvard Kildahl frå Bømlo studerer jazzvokal på jazzlinja i Trondheim. Men rykta skal ha det til at han stort sett bruker tida på visemusikk - både andres og eigne låt.

Me kunne skrive side opp og ned om dei flotte gjestene våre. Men resten må de finna ut av sjølv. På Viseskiftet 16. april.

 

Billettar

  1. Kjøp billettar

Bilete

Foto av kveldens artistar
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}