Lukk
Søk
Søk Meny

Vi er brødrene Eikemo

Marit Eikemo sin bestseljar blir teater!
Kjøp billettar
Kjøp hotellpakke
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Ikkje avklart enno

Ei vestnorsk historie om familie, arbeid og samhald

Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo vaks opp.
Marit Eikemo kjem heim for å rydde. Huset skal seljast.
Men korleis ryddar ein i eit heilt liv?
Og kva gjer ein med alle historiene, alle tinga, alle minna? Kven bestemmer kva som er verdt å ta vare på?
 

Energisk familiekrønike 

Vi er brødrene Eikemo er ei energisk framsyning om fem brør, ein familie, arbeid, oppvekst og eit land i endring. Med dei fem eksentriske brørne som omdreiingspunkt, følgjer vi Odda frå etterkrigstid og industri, via sjølvbyggarånd og oppfinnartrang, til dagens glitrande bygdemytologi - og Lothepus si stavkyrkje. 

Her finst historier om bilar bygde utan teikningar, eigenkonstruerte båtar på ti tonn, ei improvisert “køyreopplæring” der læraren klatrar opp på biltaket i fart (!) – og bak alt: Skuggen frå faren deira, som døydde brått og etterlét fem barn mellom fire og fjorten år.

Her møter du ekte vestlandsgalskap og eit hjarte som bankar for familien, for arbeidet – og for Odda.

Tre kvinner 

Tre kvinnelege skodespelarar speler eit heilt nabolag fullt av karakterar: Brør, koner, ungar, onklar og vennar.
Med varme og humor fortel dei historia om dei som bygde landet – og om oss som arva draumane deira.

Bak latteren og dei gode forteljingane ligg spørsmålet vi alle kjenner:
Kva er verdt å ta vare på – og kva må vi sleppe tak i?

 

Om romanen

Marit Eikemo sin roman Vi er brødrene Eikemo kom ut i 2024, og fekk terningkast 6 i VG og vart omtalt som

«Ei lita bok, men eit storslått lerret av ei forteljing frå Norges industristadshistorie.»


Urpremiere

No får romanen nytt liv på scenen – dramatisert for teater av teatersjef Thomas Bye.
Ei forteljing om alt det som går tapt – og alt det som held oss saman.
Urpremieren finn stad: Torsdag 3. september kl. 19:00 på Det Vestnorske Teateret.

Kunstnarleg lag

Av Marit Eikemo
Dramatisert av Thomas Bye.

Med: 3 kvinner – namna kjem seinare!
Produksjon: Det Vestnorske Teateret
 

Ei framsyning full av latter, liv og kjensler – sikre deg plass med Scenepass 365.

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar
  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Kjøp billettar
  13. Kjøp billettar
  14. Kjøp billettar
  15. Kjøp billettar
  16. Kjøp billettar
  17. Kjøp billettar
  18. Kjøp billettar
  19. Kjøp billettar
  20. Kjøp billettar
  21. Kjøp billettar
  22. Kjøp billettar
  23. Kjøp billettar
  24. Kjøp billettar
  25. Kjøp billettar
  26. Kjøp billettar
  27. Kjøp billettar
  28. Kjøp billettar