Tryllepub
Tryllekunst og pubstemning i eitt
Tryllepub kombinerer den uformelle stemninga frå puben med fascinerande tryllekunst. Kvelden byr på imponerande triks, publikumsinteraksjon og gode latterkuler – alt servert i intime omgjevnader i Skifte bar.
- 15. april blir det magi-extravaganza. Vi er så heldige å få legenden DAVIDO på besøk.
Klassisk og moderne trylling i skjøn foreining!Tryllekunstnaren Davido – Bjørn David Fevåg er ei levande legende i det norske magikarmiljøet. Han er kjend frå utallige opptredenar på TV, heilt frå 70-talet og fram til i dag, seinast i «24 stjerners julekalender» og som deltakar i «NM i gjemsel».
Davido er den einaste nordmannen som har vore verdsmeister i trylling i FISM to gonger. I september 2023 vann han Grand Prix under Dreamfactory sin internasjonale magifestival i Sveits.
Davido har arbeidd som tryllekunstnar i over 50 år og har gjennom åra halde tusenvis av framsyningar i inn- og utland.
- Tid: kl. 20:00–21:30
- Stad: Skifte Bar, 3. etg, Det Vestnorske Teateret
Billettar – betal det du kan
Vi ønskjer at alle skal ha moglegheit til å oppleve magien. Difor vel du sjølv billettprisen: kr 75 -125 -175 -250 -300.
Bar og servering
Baren opnar kl. 18:30. Kom tidleg, ta noko godt i glaset og slå av ein prat før showet startar. Baren held ope til kl. 22:00.