Lukk
Søk
Søk Meny

Tryllepub

Velkommen til ein ny magisk kveld!
Kjøp billettar
  1. Spelar Onsdag 11. februar kl. 20
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit ca 1 time

Tryllekunst og pubstemning i eitt

Tryllepub kombinerer den uformelle stemninga frå puben med fascinerande tryllekunst. Kvelden byr på imponerande triks, publikumsinteraksjon og gode latterkuler – alt servert i intime omgjevnader i Skifte bar.

 

 

  • 11. februar kjem Tor Arnesen, president i Magiske Cirkel Norge og ein svært habil tryllekunstnar.
    ​Han kjem til å trollbinde deg med dei magiske evnene sine!

    I tillegg blir det gjestespel med Hednè, som også var på besøk i haust. Han har soloshow litt seinare i vinter, men kjem altså til Tryllepuben i februar for å skape blest både rundt seg sjølv og tryllekunsten.

 

  • 11. mars: Kveldens porgram blir annonsert seinare. 
     
  • 12. april blir det magi-extravaganza. Vi er så heldige å få legenden DAVIDO på besøk.
    Klassisk og moderne trylling i skjøn foreining!

 

  • Tid:  kl. 20:00–21:30
  • Stad: Skifte Bar, 3. etg, Det Vestnorske Teateret

 

Billettar – betal det du kan
Vi ønskjer at alle skal ha moglegheit til å oppleve magien. Difor vel du sjølv billettprisen: 50, 100, 200 eller 300 kr

 

Bar og servering

Baren opnar kl. 18:30. Kom tidleg, ta noko godt i glaset og slå av ein prat før showet startar. Baren held ope til kl. 22:00.

Billettar

  1. Kjøp billettar