Tordivelen flyg i skumringa
I ei doven svensk bygd driv tenåringane Annika, Jonas og David ut i sommarkvelden med ein bandopptakar. I jakta på spennande lyder endar dei opp i hagen til den gamle Selandergården. Her, gjennom summinga av insekter og støyen frå det forbipasserande nattoget, plukkar mikrofonen opp ei stemme. Er det nokon som forsøker å nå dei frå ein annan dimensjon ? Dette vert starten på eit mysterium der ei rekke underlege hendingar grip inn i kvarandre. Gjennom uforklarlege telefonsamtaler, ei plante si underlege framferd og eit skrin med gamle kjærleiksbrev, byrjar ungdommane å nøste i ei historie som strekk seg fleire generasjonar tilbake i tid, og som opnar augo deira for at det finst meir mellom himmel og jord enn dei kan fatte.
Klassikar for barn og unge
Maria Gripe si forteljing er blant våre sterkaste romanklassikarane for barn og unge. Opprinneleg vart den laga som eit høyrespel i 1979, og serien vart for nokre år sidan kåra til det beste høyrespelet for ungdom i NRK, nokonsinne. «Tordivelen flyg i skumringa» er både ei sanseleg og medrivande spenningsforteljing, og ei tankevekkande påminning om korleis vår tid på jorda set spor for dei som kjem etter oss, både i relasjonar og i det økologiske kretslaupet vi påverkar.
I Miriam Prestøy Lie sin regi og Tora Troe sin scenografi, kan vi love ei visuell, leiken og spennande framsyning for eldre barn og ungdom.
Kunstnarleg lag
Av: Maria Gripe
Omsett til nynorsk: Teatersjef Solrun Toft Iversen
Dramatisering og regi: Miriam Prestøy Lie
Scenografi- og kostymedesign: Tora Troe
Komposisjon/lyd: Selma Frida Stang
Lys- og videodesign: Silje Grimstad
I rollene:
Annika Berglund: Anne Wiig
Jonas Berglund: Jonas Skjelde (erstattar Peiman Azizpour som hadde rollen i 2020 og som er med på bileta/filmen).
David Stänfeldt: Petter Winther
Pastor Lindroth, Svante Stänfeldt, m.fl.: Martin K. Østensen (Erstattar for Stig Amdam som hadde rollen i 2020, og som er med på bilete/filmen).
Fru Berglund, Fru Gøranson, m.fl: Katrine Lunde Mackenzie
Foto/video: Andreas Roksvaag
Familieframsyning, passar godt for 3 generasjonar! Tilrådd alder frå 10 år.