Torborg Nedreaas i møte med Gymnos
«Tenk deg ein hekk»
Tenk deg ein hekk er eit samarbeid mellom den bergensbaserte trioen «Gymnos» og skodespelar Ingvill Skjold Thorkildsen. Gymnos (tyder naken på gresk) spelar ei stemningsfull blanding av nordisk jazz, folkemusikk og songar frå populærmusikken, komponert og arrangert av Torbjørn Skjold. Musikken skaper eit intimt og nakent lydlandskap som kler tekstane til Nedreaas. Tekstopplesinga gir brotstykke frå verka hennar nytt liv, med ein tittel henta frå Av måneskinn gror det ingenting, der Nedreaas så elegant skildrar utanforskap, det å vere annleis, og tilhøyrsle sine sterke krefter.
Tekstar av Torborg Nedreaas,
lesne av Ingvill Skjold Thorkildsen
Musikk av Torbjørn Skjold, framført av Gymnos
Gymnos
Torbjørn Skjold – saksofon
Bjarne Øymyr – piano
Alex Grieg – bass