Lukk
Søk
Søk Meny

Torborg Nedreaas i møte med Gymnos

"Tenk deg ein hekk" er eit samarbeid mellom den bergensbaserte trioen Gymnos og skodespelar Ingvill Skjold Thorkildsen.
Kjøp billettar
  1. Spelar Torsdag 26. februar kl. 21:30
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit ca 1 time.

 

«Tenk deg ein hekk»

Tenk deg ein hekk er eit samarbeid mellom den bergensbaserte trioen «Gymnos» og skodespelar Ingvill Skjold Thorkildsen. Gymnos (tyder naken på gresk) spelar ei stemningsfull blanding av nordisk jazz, folkemusikk og songar frå populærmusikken, komponert og arrangert av Torbjørn Skjold. Musikken skaper eit intimt og nakent lydlandskap som kler tekstane til Nedreaas. Tekstopplesinga gir brotstykke frå verka hennar nytt liv, med ein tittel henta frå Av måneskinn gror det ingenting, der Nedreaas så elegant skildrar utanfor­skap, det å vere annleis, og tilhøyrsle sine sterke krefter.

Tekstar av Torborg Nedreaas,
lesne av Ingvill Skjold Thorkildsen

Musikk av Torbjørn Skjold, framført av Gymnos

Gymnos
Torbjørn Skjold – saksofon
Bjarne Øymyr – piano
Alex Grieg – bass

Billettar

  1. Kjøp billettar