Tilibo
TILIBO er namnet på samarbeidet mellom bergensgitarist/strengemeister Ole André Farstad, og koraspelar Ibou Cissokho fra Oslo. I april 2024 gav dei ut debutalbumet Woo La Ba, her fører dei arven etter storleikar som Tiomani Diabate og Ali Farka Touré vidare med den leikne kora-gitar-dialogen sin. Frå tusen år gamle songar, via bluesen og jazzen, og inn i moderniteten, er det eit eksplosivt nytt samarbeid.
Ibou og Ole André har også med seg den eminente perkusjonisten Sidiki Camara på lanseringskonsertane for Woo La Ba. Camara har samarbeidd med framståande afrikanske musikarar som Mamady Kéita, Kasse Mady Diabaté, Rokia Traoré og Boubacar Traoré. Han har vore gjesteartist på fleire turnéar med Bill Frisells New Quartet, og var også med på Frisells Grammy-nominerte album The Intercontinentals. I 2024 fekk Camara Spellemannprisen i kategorien tradisjonsmusikk, for albumet Return to the traditions.
Ibou Cissokho spelar på virtuost vis på det vestafrikanske strengeinstrumentet kora, som har 21 strengar. Ibou er vakse opp i ein stor forteljar- og musikarfamilie i Senegal, og han lærte å spele kora av far sin, den kjente musikaren Solo Cissokho. Ibou er ein svært aktiv musikar på diverse scener i Oslo, han turnerer blant andre med Karpe, på Diaspora-turnéen deira, og spelar også med andre kjente musikarar, som Bugge Wesseltoft.
Ole André Farstad er frå Harøya i Ålesund kommune, og har lagt verda for sine føter dei siste 20 åra, kor han har studert strengeinstrument og musikk på fleire kontinent. Han er aktiv i veldig mange ulike musikalske samanhengar, på turné verda rundt med metalbandet Abbath, eller med verdsmusikk i banda Meelodi, Tres Musicos eller Miss Tati´s Angola70. Han har også spelt med mange griot-musikarar frå Vest-Afrika. I 2022 gav han ut soloalbumet Streng på Streng, kor han spelar på 16 forskjellige strengeinstrument.
Ibou Cissokho – kora, vokal
Ole André Farstad – gitar, xalam, vokal
Sidiki Camara – perkusjon, vokal