
Telavåg
Samfunnet tyskarane utsletta.
Telavågtragedien i 1942 fortald gjennom vitnesbyrda til dei som opplevde det.
Eit dokumentardrama med Liv Bernhoft Osa, Lasse Lindtner, Reidun Melvær Berge og Sturla Alvsvåg
Etter at tyskarane okkuperte landet vårt, flykta fleire tusen nordmenn med fiskebåtar over Nordsjøen. Dei fleste for å verve seg til dei britiske styrkane. Fiskeværet Telavåg på Sotra vart ein sentral utreisestad. Då okkupantane avslørte dette, hemna dei seg frykteleg og utsletta heile bygda.
Denne kollektive straffinga av eit heilt samfunn er eit av dei verste krigsbrotsverka på norsk jord. Det blir sagt at ingen norsk by eller bygd måtte lide så mykje for vår fridom som Telavåg. I vår framsyning forsøker vi å fortelje om dette vesle samfunnet si dramatiske skjebne gjennom tidsvitna sine eigne beretningar.
Stykket vart framført i «Gestapohuset»,
(Dette huset var Gestapo sitt hovudkvarter under krigen).
Kunstnarleg lag:
Manus og regi: Stig Amdam
Scenografi og kostymedesign: Silje Sandodden Kise
Lys- og videodesign: Jon Eirik Sira
Lyd: Cem Arapkirlioglu
Med Liv Bernhoft Osa, Lasse Lindtner, Reidun Melvær Berge og Sturla Alvsvåg
Tekstar:
Intervju med Astrid og Simon Øvretveit gjort av Tommy Øvretveit
Intervju med Morten Telle og Åge Telle gjort av Jenny Heggvik.
Intervju med Karsten Arne Øvretveit gjort av Karsten Alfred Øvretveit
Utdrag frå bøkene: «Telavåg» av Konrad Birkhaug,
«Sannheten om Telavågaffæren» av Per Lie og « Tidsvitner» av Jacob Lothe/ Anette Storeide. (Redigert og dramatisert av S. Amdam).
To korte utdrag frå intervju med Olaug Telle i NRK-filmen «De brente våre gårder»
Dokument frå Riksarkivet, Nordsjøfartmuseet og IKA Hordaland
Artiklar og opprop i BT.
Dramatikaren rettar særleg takk til dei tilsette ved Nordsjøfartmuseet.