Lukk
Søk
Søk Meny

Playbackteater med Teater MOSAIK

Kjøp billettar
  1. Spelar Torsdag 14. mai kl.14
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit 1, 5 time

Ei playbackframsyning veks fram i tett dialog med publikum, som bidreg med små og store forteljingar frå liva sine. Kvart glimt og kvar historie utgjer ein heilt unik bit i framsyninga si mosaikk. Dette er “community theatre” på sitt beste!

Velkomen til ein teaterstund som er like overraskande og spennande som livet sjølv. Teater MOSAIK sine lyttande aktørar står klare for å spele ut forteljingane på scena. Historiene blir forvandla til korte og lengre poetiske improvisasjonar som lett får varmen til å spreie seg i publikum.

Kom og la deg fascinere, røre og inspirere – anten du vil dele ei eiga historie eller berre ønskjer å lene deg tilbake og vere tilskodar.

Medverkande: Bård Wigestrand, Colette Smirou, Melanie Smirou, Hanne Jamt Tønjum, Jan Platander og Synne Platander.

Foto: Ivan Munoz

Billettar

  1. Kjøp billettar