Lukk
Søk
Søk Meny

Mordet på Michelsen

Utseld! Men det kan dukke opp ledige restplassar.
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Inne på Gamlehaugen
  3. Varigheit ca 45 min.

Stykket, som er skriven av Gunnar Staalesen, vart ein suksess i fjor. I løpet av speleperioden hadde framsyninga over 3300 besøkande, fordelt på 72 fulle framsyningar i den flotte hallen på Gamlehaugen i Bergen.
Dei to skodespelarane frå 2025- oppsetjinga, Anders Vårdal Gjerde og Sigmund Njøs Hovind, spelar også sommaren 2026. Duoen spelar ti roller i ei framsyning som blandar historisk stoff, leik og underhaldning.

 

 

Teater og omvising på Gamlehaugen

Opplev Mordet på Michelsen inne på historiske Gamlehaugen – og kombiner teaterkvelden med ei eksklusiv omvising i statsministerbustaden frå 1905.

Gamlehaugen tilbyr omvising i forkant av dei tidlegaste framsyningane. (Omvising er ikkje inkludert i teaterbilletten og må kjøpast separat.)

Desse billettane finn du her:  Statsbygg/Gamlehaugen sine nettsider.
NB: Det er svært få plassar per omvising.  Dersom du vil kombinere teater med omvising, kan du kjøpe teaterbilletten i kategorien: Kombi (berre framsyning) til kr 290.
 

Ein unik moglegheit til å komme på innsida av Kongen sin residens i Bergen

  • I historiske omgivnader
  • På staden der romanen finn stad.

Foto: Her inne i Hallen på Gamlehaugen spelar vi Mordet på Michelsen i sommar. (Fotograf: Øivind Møller Bakken/De kongelige samlinger)


Christian Michelsen var Noregs første statsminister etter unionsoppløysinga i 1905. Han var òg skipsreiar og politisk leiar.
Michelsen var Norges statsminister frå 11. mars 1905 til 23. oktober 1907.

 

 

 

 

Ein kruttsterk kriminal-komedie, med dramatisk Noregshistorie som bakteppe.

I 2005 ga Gunnar Staalesen ut kortromanen Mordet på Michelsen, i eit eksklusivt opplag. Boka er cirka 4 x 5 cm stor, ei såkalla miniatyrbok. Innhaldet er typisk Staalesen: Klassisk krim, med innslag av Bergenshistorie.  

Forteljinga inneheld like delar sanning som dikting. Staalesen stiller oss spørsmålet: Er det ikkje sannsynleg at nokon planla eit attentat på Michelsen i dei dramatiske dagane i 1905? Det kunne jo endra heile Noregshistoria om han blei tatt av dage. Det er med dette utgangspunktet vi fortel denne historia.  

Foto:  Ei oppleving utanom det vanlege.  (Fotograf: Øivind Møller Bakken/De kongelige samlinger)

 

Året er 1905 

Politiet i Bergen mottar eit telegram der det står at landets statsminister, Christian Michelsen, svever i livsfare. Ein hemmeleg agent skal befinne seg på Gamlehaugen, med mål om å ta livet av Michelsen.
Motiv: Å stoppe Noreg sin lausriving frå Sverige.

Politibetjent Moland tar på seg oppgåva med å avsløre agenten, og redde statsministeren.

 

Sjå teaser video av Mordet på Michelsen på Gamlehaugen. (Film: Motstroem)

To skodespelarar spelar 10 roller, i ei leiken og underhaldande framsyning

Ein liten touch av Poirot, ei klype Varg Veum, to teskeier historietime - og store mengder blott til lyst – på slottet i Bergen, Gamlehaugen. 

Kunstnarleg lag

Dramatisering og regi: Thomas Bye
Skodespelarar: Anders Vårdal Gjerde og Sigmund Njøs Hovind
Vert arrangert i samarbeid med Statsbygg. 

Foto: Skodespelar Anders Vårdal Gjerde (Foto: Motstroem)

 


Foto: Skodespelar Sigmund Njøs Hovind. (Foto: Motstroem)

 

Billettar

  1. Utseld

  2. Utseld

  3. Utseld

  4. Utseld

  5. Utseld

  6. Utseld

  7. Utseld

  8. Utseld

  9. Utseld

  10. Utseld

  11. Utseld

  12. Utseld

  13. Utseld

  14. Utseld

  15. Utseld

  16. Utseld

Bilete

Plakatfoto og framsyningsfoto: Fotograf Andreas Roksvåg. Foto av Gamlehaugen: Fotograf Øivind Møller Bakken/De kongelige samlinger
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Teatermeldingar

Meldingar etter urpremieren 10. juni 2025