Lukk
Søk
Søk Meny

Mordet på Michelsen

Krimkomedien «Mordet på Michelsen» vender tilbake til Gamlehaugen i august 2026, etter særs god mottaking og fulle hus sommaren 2025. Den nye speleperioden blir frå 6. til 30. august, og billettane er lagt ut.
Kjøp billettar
  1. Spelar
  2. Scene Inne på Gamlehaugen
  3. Varigheit ca 45 min.

Stykket, som er skriven av Gunnar Staalesen, vart ein suksess i fjor. I løpet av speleperioden hadde framsyninga over 3300 besøkande, fordelt på 72 fulle framsyningar i den flotte hallen på Gamlehaugen i Bergen.

Teatersjef Thomas Bye ved DVT, som står for både dramatisering og regi, meiner responsen frå publikum gjorde ein ny speleperiode opplagd.

– Med tanke på kor stor publikumssuksess framsyninga blei, var det heilt naturleg å setje ho opp igjen i 2026. Det Vestnorske Teateret ser fram til å spele på Gamlehaugen igjen, i eit av dei mest spektakulære og unike husa i Noreg. Det er ei gåve at Statsbygg tek så godt vare på bygget – og at dei opnar det for ulike kulturarrangement, seier Bye.


Han meiner kombinasjonen av krim og historiske referansar var ein av nøklane til suksessen.

– «Mordet på Michelsen» er ein leiken inngang til både Michelsen sitt liv og norsk historie. Eg trur publikum fann det forfriskande at dei historiske hendingane blei ramma inn av ei kriminalforteljing; ein leik med historiske fakta.

 

Drifts- og formidlingsleiar Tor Christiansen i Statsbygg uttalar:

– Vi er glade for at Det Vestnorske Teatret kjem tilbake til Gamlehaugen neste år. Framsyninga «Mordet på Michelsen» gjekk for fulle hus og medverka til å auka interessa for bygningen, Christian Michelsen og Noregs sjølvstende. Vi hadde over 10.000 besøkande sommaren 2025, noko som er rekord, fortel drifts- og formidlingsleiar Tor Christiansen, Statsbygg.

 

Dei to skodespelarane frå 2025- oppsetjinga, Anders Vårdal Gjerde og Sigmund Njøs Hovind, skal spele også i 2026. Duoen spelar ti roller i ei framsyning som blandar historisk stoff, leik og underhaldning.

 

 

Ein kruttsterk kriminal-komedie, med dramatisk Noregshistorie som bakteppe.

I 2005 ga Gunnar Staalesen ut kortromanen Mordet på Michelsen, i eit eksklusivt opplag. Boka er cirka 4 x 5 cm stor, ei såkalla miniatyrbok. Innhaldet er typisk Staalesen: Klassisk krim, med innslag av Bergenshistorie.  

Forteljinga inneheld like delar sanning som dikting. Staalesen stiller oss spørsmålet: Er det ikkje sannsynleg at nokon planla eit attentat på Michelsen i dei dramatiske dagane i 1905? Det kunne jo endra heile Noregshistoria om han blei tatt av dage. Det er med dette utgangspunktet vi fortel denne historia.  

Foto:  Ei oppleving utanom det vanlege.  (Fotograf: Øivind Møller Bakken/De kongelige samlinger)

 

Året er 1905 

Politiet i Bergen mottar eit telegram der det står at landets statsminister, Christian Michelsen, svever i livsfare. Ein hemmeleg agent skal befinne seg på Gamlehaugen, med mål om å ta livet av Michelsen.
Motiv: Å stoppe Noreg sin lausriving frå Sverige.

Politibetjent Moland tar på seg oppgåva med å avsløre agenten, og redde statsministeren.

 

Sjå teaser video av Mordet på Michelsen på Gamlehaugen. (Film: Motstroem)

To skodespelarar spelar 10 roller, i ei leiken og underhaldande framsyning

Ein liten touch av Poirot, ei klype Varg Veum, to teskeier historietime - og store mengder blott til lyst – på slottet i Bergen, Gamlehaugen. 

Kunstnarleg lag

Dramatisering og regi: Thomas Bye
Skodespelarar: Anders Vårdal Gjerde og Sigmund Njøs Hovind
Vert arrangert i samarbeid med Statsbygg. 

Foto: Skodespelar Anders Vårdal Gjerde (Fotograf: Motstroem)

 


Foto: Skodespelar Sigmund Njøs Hovind. (Fotograf: Motstroem)

Gamlehaugen

  • Ein unik moglegheit til å komme på innsida av Kongen sin residens i Bergen
  • I historiske omgivnader
  • På staden der romanen finn stad.

Foto: Her inne i Hallen på Gamlehaugen spelte vi Mordet på Michelsen i sommar. (Fotograf: Øivind Møller Bakken/De kongelige samlinger)


Christian Michelsen var Noregs første statsminister etter unionsoppløysinga i 1905. Han var òg skipsreiar og politisk leiar.
Michelsen var Norges statsminister frå 11. mars 1905 til 23. oktober 1907.

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar
  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Kjøp billettar
  13. Kjøp billettar
  14. Kjøp billettar
  15. Kjøp billettar
  16. Kjøp billettar
  17. Kjøp billettar
  18. Kjøp billettar
  19. Kjøp billettar
  20. Kjøp billettar
  21. Kjøp billettar
  22. Kjøp billettar
  23. Kjøp billettar
  24. Kjøp billettar
  25. Kjøp billettar
  26. Kjøp billettar
  27. Kjøp billettar
  28. Kjøp billettar
  29. Kjøp billettar
  30. Kjøp billettar
  31. Kjøp billettar
  32. Kjøp billettar
  33. Kjøp billettar
  34. Kjøp billettar
  35. Kjøp billettar
  36. Kjøp billettar
  37. Kjøp billettar
  38. Kjøp billettar
  39. Kjøp billettar
  40. Kjøp billettar
  41. Kjøp billettar

Bilete

Plakatfoto og framsyningsfoto: Fotograf Andreas Roksvåg. Foto av Gamlehaugen: Fotograf Øivind Møller Bakken/De kongelige samlinger
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}

Teatermeldingar

Meldingar etter urpremieren 10. juni 2025