Mor og barn
Ein ung mann kjem uventa på besøk til mor si, som har flytta frå Vestlandet til Oslo. Ho pratar mykje, om sjølvrealisering og fridom. Han er ordknapp.
Kvifor reiste ho frå han?
Mor og barn handlar om noko vi alle kjenner oss att i; forholdet mellom foreldre og barn. Om alt vi ikkje seier til kvarandre, og om korleis det ein seier kan forandre alt.
I oppsettinga vår sit publikum som «fluge på veggen» inne i leilegheita til mora, heilt tett på det som skjer.
Velkomen til ei nær og intens oppleving.
Kunstnarleg lag
Av Jon Fosse
Regi: Ingrid Askvik
Scenografisk konsept: Thomas Bye og Ingrid Askvik
Lysteknikk: Lise Lotte Flesland
Lydteknikk: Lars-Andreas Forthun
Med: Ragnhild Gudbrandsen og Anders Vårdal Gjerde
Takk til Linda Gathu og Matias Askvik for kunstnerisk sparring!
Praktisk info: Vi gjer merksame på at det vert nytta urtesigarett i ein kort sekvens under framsyninga.
Ettersnakk
Vi inviterer til ettersnakk etter Mor og barn på Scene 2 desse fire kveldane:
12. februar: Irene Kinunda, forfattar og samfunnsdebattant
26. februar: May Bente Stuart Matre, prest og forfattar
4. mars: Frode Thuen, psykolog og forfattar
5. mars: Fauzia Hussain-Wiik, medlem av arbeidsutvalet for 8. mars-initiativet i Bergen, fagforeiningsleiar og AP-politikar
Ettersnakken byrjar rett etter at framsyninga er slutt, etter ein kort pause, der du t d kan hente noko å drikke i baren. Arrangementet er gratis, og er også opent for deg som har sett framsyninga tidlegare.
Saman med dagens gjest vil dramaturg Aslak Moe og nokre av dei som er med på og bak scenen reflektere over framsyninga. Velkommen til ei samtale om motiva og spørsmåla i Jon Fosses Mor og barn.
Ettersnakken varar i cirka tre kvarter.