Mikrofestivalen

Studentteateret Immaturus arrangerer Mikrofestivalen for femte året på rad! Stykket: "Eg håpar at det vil vekse blomar opp frå den døde kroppen min" blir vist hos oss på Det Vestnorske Teateret, 5. mai.
  1. Spelar 5. mai kl. 20
  2. Scene Scene 2
  3. Varigheit ca 30 min.

Festivalen byr på ei heil veke med små teaterproduksjonar, såkalla mikroproduksjonar. Her skal både eigenskrivne stykke og fleire spennande gjestespel frå andre teater bli spelt. Hos oss på Det Vestnorske Teateret blir det framsyning på Scene 2 med:
“Eg håpar at det vil vekse blomar opp frå den døde kroppen min”

Info:

Eg håpar at det vil vekse blomar opp frå den døde kroppen min er ei framsyning som utforskar moralske dilemma rundt livet etter døden. Stykket handlar om Volodja og Andrej, og deira reise inn i det ukjende. Gjennom poetiske og emosjonelle scener utforskar stykket dei djupe spørsmåla om menneskeleg eksistens og kva som skjer når alt er tapt. Ei historie om kjærleik, tap og ønsket om at noko vakkert kan vekse fram, sjølv i dei mørkaste tider.


Manus: Johanne Løvaas
Regi og skodespelarar: Natalie Rodrigues, Isabel Furhovde
Plakatdesign: June Tronstad
Lys: Malin Hannesdatter Sunde
Scenografi: Rebekka Luna Bak, Sunniva Løvberg

Framsyninga skal også bli spelt den 10. mai på Det Akademiske Kvarter. Meir info om heile festivalen finn du her