Lukk
Søk
Søk Meny

Middag og musikal

Eit nytt samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Wesselstuen
  1. Spelar  12., 13. og 14. februar
  2. Scene Wesselstuen
  3. Varigheit ca 3 timar

 

 Dette er inkludert:
• Aperitiff ved ankomst
• Klassisk 3-rettars middag
• Musikalsk framsyning mellom borda i restauranten!

 Gjeld desse datoane: 12., 13. og 14. februar

Pris: kr 1195 per person

Bestill her 

 

Det Vestnorske Teateret og Wesselstuen går saman om å skape ei heilt ny og smakfull kulturoppleving: Middag og musikal! I den varme og intime atmosfæren på Wesselstuen kan publikum sjå fram til ein trerettars meny kombinert med ei musikalsk framsyning, skreddarsydd for anledninga.

To skodespelarar frå Det Vestnorske Teateret tek publikum med gjennom ein kveld fylt med kjende og kjære musikallåtar – frå klassikarar til moderne høgdepunkt. Det musikalske blir bunde saman av nyskrivne tekstar og dialogar, slik at heile kvelden framstår som ein samanhengande, humoristisk og fengslande produksjon.

Samarbeidet mellom teateret og Wesselstuen spring ut av eit felles ønskje om å tilby bergensarane ei ny form for kulturkveld der god mat, godt vertskap og scenekunst går hand i hand. Resultatet er ein unik kveld der gastronomi og musikalglede møtest.

Velkomen til ei uforgløymeleg, heilaftans oppleving!

 

Med musikalartistane Anders Vårdal Gjerde og Carina Furseth frå Det Vestnorske Teateret.
 

Bestill her 
 

NB: Scenepass 365 kan ikkje nyttast her.