Lukk
Søk
Søk Meny

Marie min

Gjestspel – Bergen Dramatikkfestival, billettslepp i løpet av juni.
  1. Spelar
  2. Scene Scene 2
  3. Varigheit 1 time og 40 minutt

 

MARIE MIN er eit scenisk portrett av Marie Hamsun, skrive av Tomas Espedal i hans dramatikardebut. Framsyninga gir eit nært og samansett bilete av ein av Noregs mest omstridde kulturhistoriske personar.

Vi møter Marie som ektefelle, mor, kunstnar og menneske i spennet mellom lengt, fridom og underkasting. Rundt henne krinsar familie, relasjonar og ideologiar i eit Europa på veg mot katastrofe. Gjennom sterke motsetnader undersøker stykket kva det vil seie å vere menneske – utan enkle svar.
Framsyninga hadde urpremiere under Bodø2024 og blir no vist i Bergen som del av Bergen Dramatikkfestival – ein festival som løfter fram ny dramatikk og samtidsdramatikarar, og gir publikum møte med aktuelle og nyskapande scenetekstar.

 

Kunstnarleg lag

Tekst: Tomas Espedal
Regi: Sara Bruteig Olsen
Scenografi: Silje Sandodden Kise
Musikk: Mari Kvien Brunvoll
​Lys: Maja Bergbakken Sundt

På scenen: Sunniva Birkeland Johansen, Mathias Asplund og Marie Skogvang Stork