Lukk
Søk
Søk Meny

Lyrikkslepp: HODEGJERDE av Mathilde Øverland

  1. Spelar Onsdag 13. mai kl 20:00
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit ca 2 timar

Velkomen til lansering av Mathilde Øverland si første diktsamling HODEGJERDE!

Hodegjerde handlar om kroppslege tilstandar etter eit traume. Dikta er spente opp i ein anatomisk struktur. Dei startar i amygdala sin fryktrespons, og følgjer den vertikale rørsla frå hjernenervebanane og ned gjennom ein kropp, virvel for virvel. Kroppen sitt arbeid og tempo etter intense inntrykk frå Oslo sentrum 22. juli 2011 blir spegla i tekstar med svært ulike temperaturar.

Mathilde Øverland er tradisjonsdansar, koreograf, dansekunstnar, poet og moldensar i Bergen. Ho arbeider med rotasjon og rytmikk i språk og rørsle. Kunstnarskapen hennar krinsar rundt rom, lyd og tradisjon.

Program for kvelden:

19:00
Baren opnar

20:00
Velkomen og introframføring med Ylva Larsson, Håkan Hermansson og Lars Fivelstad

20:10
Mathilde les, komposisjon av Hans Kjorstad framført av Johanna Seim

Kort pause

20:45
Lars Fivelstad kved
Eira Søyseth les
Are August Flannagan Furubotn les
Marte Antonesen les
Kristian Hæggernes les

Arrangementet er gratis! Det er berre å møte opp, inga påmelding.

Foto: Anna-Julia Granberg