Kvinna i svart

Tusen takk for ein skrekkeleg bra speleperiode og til vårt kjære publikum som våga å møte frykta!

Underhaldande skrekk-teater

BA
  1. Spelar
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit ca 1time og 45 min. med pause

Underhaldande skrekk-teater

BA
Vis fleire meldingar

 

Litt om handlinga:

Ein advokat er besett av ei forbanning som han meiner har blitt kasta over han og familien hans av spøkelset Kvinna i svart. Han betaler ein skeptisk skodespelar til å hjelpe han med å fortelle den skremmande historien hans, og drive ut frykta, som har tatt grep om sjela hans. Det byrjar uskyldig nok, men etter kvart, når dei kjem lengre inn i dei mørkaste minna hans, finn dei seg fanga i ei verd av nifse våtmarker og ulande vindar.

Stykket; The Woman in Black, gjekk kontinuerleg med heile 13 232 framsyningar i London frå premieren i 1989 til 2023, og blei det nest lengst spela teaterstykket i London etter “Musefella” av Agatha Christie, og er ein av dei største og mest skremmande suksessane innan britisk teater.

Teatersjefen vår, Thomas Bye, har sjølv sett framsyninga heile 7 gonger i London – og han elskar ho!
– Dette er ei framsyning som feirar teateret si evne til å dra publikum inn i ein fiksjon og er etter mi meining skumlare enn ein skrekkfilm,  seier Thomas. 

Praktisk info:
Tilrådd alder: Frå 12 år
Det vert nytta scenerøyk i framsyninga.
 

 

 

Tilbakemeldingar får publikum (elevar frå Fyllingsdalen vgs) etter prøveframsyning:

 

 

 

 

Om handlinga:

 

Kvinna i svart – kunstnarleg lag:

Dramatisert av Stephen Mallatratt etter ein roman av Susan Hill

Regi og omsetjing: Yngve Sundvor
Scenografi og kostyme: Yngve Sundvor, Cato Skimten Storengen og Øystein Martinsen
Dramaturg: Aslak Moe
Lysdesign: Arne Kambestad
Lyddesign: Gunnar Innvær

Med: Cato Skimten Storengen, Øystein Martinsen og Vilde Biserød Vengnes
Barnestemme: Amanda Flatholm

…………………………………………………………………………………….

Urpremieren fann stad på Theatre-by-the Sea i Scarborough, England i 1987.
Lisensiert etter avtale med The Agency (London) Ltd, 24 Pottery Lane, London W11 LZ

Teaterforlag: Nordiska ApS 

…………………………………………………………………………………………………………….

Takk til
John Inge Johansen for magisk hjelp
BIR Nyverdi og ombruksbutikken for god hjelp
Bergen Aktiv for lån av ravn
DNS for lån av Kabuki-system og hagle
Silje Sandodden Kise for gjenbruk av gravstøtter
Cem og hunden Toto

……………………………………………………………………………….

Les intervju med regissøren i Bergens Tidende 

Bilete

Foto: Andreas Roksvåg

Teatermeldingar

Meldingar etter premieren 13. september