Lukk
Søk
Søk Meny

Vill Vill Vest x Klubb Komle

Fredag 6. november skin Vill Vill Vest-programmet på Det Vestnorske Teateret, og Klubb Komle står klar med sølvtøyet!
  1. Spelar Fredag 6. november frå kl. 21:00
  2. Scene Scene 2
  3. Varigheit ca 4 timar - dersom du vil ha med deg alt!

 

 

Klubb Komle er dansbar husmannskost i klubbformat: Ein heilaftans folkemusikknattklubb med det feitaste frå gamal og ny folkemusikk, servert jamleg på Det Vestnorske Teateret.

Fredag 6. november skin Vill Vill Vest-programmet på Det Vestnorske Teateret, og Klubb Komle står klar med sølvtøyet!
På menyen står nokre av dei mest spennande nye stemmene i norsk folkemusikk akkurat no: Malin Alander, Snodig og HEKATE. Dette blir lekkert!

Som sirup på bacon toppar vi det heile med folkedanskurs med sjølvaste Thomas Reime Berthelsen!

Har du aldri dansa folkedans før? Vil du friske opp stega? Eller er du berre på jakt etter nokon å svinge deg med? Då har du kome til rett stad. Her treng du ingen dansepartnar eller forkunnskapar, berre lysta til å røre på skrotten.

Kom åleine, ta med daten eller dra med heile venegjengen. Det er fare for både sveitte pannar, svimle hovud og nye dansevener. Og kven veit, kanskje går du heim med ein ny favorittartist, eit par nye dansesteg og stølheit på dei rette stadene?

 

Program:

21:00 - 21:30 - Malin Alander 

21:45 – 22:15 - Krasjkurs i folkedans med Thomas

22:30 - 23:00 - Snodig 

00:00 - 00:30 - HEKATE 

 

Bli med! Kjøp dagspass eller festivalpass til Vill Vill Vest, eller meld deg som frivillig. Dette er ein fantastisk festival å få med seg! 

 

Arrangementet er støtta av Kulturrådet, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune.

Foto/video: Andreas Roksvåg

Bilete

Foto av kveldens artistar
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}