Klubb Komle
Vi serverer dansbar husmannskost i klubbformat. På menyen står Kveding spesial. Å kvede, å tralle, å synge, å lalle – det finst mange namn på truleg menneskeheitas eldste instrument: stemma. Denne kvelden hyllar vi stemmebanda og viser at dei kan skape minst like mykje trøkk på dansegolvet som eit heilt orkester.
Vi skal danse til kor og til eit handplukka utval av nokre av dei fremste folkesongarane på Vestlandet. Kanskje blir det litt allsang òg? Fort fare for det.
Håpar du er klar for ein ny runde med snurring og svetting, gynging og dansing, for her blir det tralling til langt på kveld!
Dørene opnar kl. 20.00, og vi startar med dansekurs kl. 21.00.
På menyen:
- Folkedansinstruksjon
- Multa Paucis
- Kvedegryte
- DJ Amøbes arkivmiks
Med:
Lars Fivelstad Smaaberg – danseinstruksjon og kveding
Vegard Kvestad – torader
Vokalensemblet Multa Paucis - kveding
Berit Opheim – kveding
Linda Røyseth Sandhåland – kveding
Lovise Espeland - kveding
Jonas Særsten - synth, trommemaskin og Amøbes arkivmiks
Gaute Ullestad Moen - perkusjon og munnharpe
Jon Eirik Sira - VJ
Johanna Seim - husvert
Meir om artistane:
Vokalensemblet Multa Paucis
Kan ein tenkje seg eit vokalt spelemannslag? Vokalensemblet Multa Paucis har i mange år hatt ei særstilling som «heile Noregs kvedarkor». Tilnærminga deira til folkemusikken har gitt dei eit rykte langt utover grensene til Bergen, og har òg resultert i fleire kritikarroste plateinnspelingar.
Dei seinare åra har Multa Paucis stadig retta meir merksemd mot slåttetrallinga og dansen. Kva skjer når eit heilt kor skal tralle slåttar – ikkje for konsert, men fordi dei faktisk vil få dansegolvet til å gynge?
Kvedegryte
- Berit Opheim frå Voss er ein av Noregs fremste folkesongarar og ein sentral formidlar av vokale folkemusikktradisjonar. På Klubb Komle byr ho på slåttestev og tralling frå Voss, Hardanger og Sogn, lært frå ulike songkjelder og felespelarar. Her blir det rudl, springar, halling, reinlender og vals – og ho gler seg stort.
- Linda Røyseth Sandhåland frå Alver er folkesongar, pedagog og ein sentral formidlar av folkesongtradisjonane frå kysten av Hordaland. Ho er også medredaktør for den digitale nettressursen Barnesongboka med lokale barnesongar frå Strilelandet, saman med Kjersti Wiik (strilakultur.no). På Klubb Komle får vi gleda av å høyre henne tralle slåttar frå Strilelandet og Nordhordland.
- Lovise Espeland er ein ung songar frå Bergen med røter i både folkemusikk, vise og teater. Mange kjenner henne frå visegruppa Bare Folk, som vokalist i folkemusikk-techno-bandet Folksomt og som visevert i konsertserien Viseskiftet på Det Vestnorske Teateret. Ho studerer utøvande folkemusikk ved Ole Bull Akademiet og går i lære hos Linda Røyseth Sandhåland og Kjersti Wiik. På Klubb Komle får vi høyre ei ny stemme i dei vestnorske songtradisjonane.
- Lars Fivelstad Smaaberg er vår kjære danseinstruktør på Klubb Komle. Hallingdølen har mange talent, og denne kvelden får vi høyre han også som kvedar. Gjennom mange år har han lært bort tradisjonsdans og tradisjonssong til folk i alle aldrar, og no tek han med seg songar frå heimtraktene i Hallingdal til scena på Klubb Komle.
Arrangementet er støtta av Kulturrådet, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune.
Foto/video: Andreas Roksvåg