Lukk
Søk
Søk Meny

Kampsong og allsong

Med Synneva og Maria
Kjøp billettar
  1. Spelar Torsdag 26. nov. kl. 20
  2. Scene Skifte
  3. Varigheit

Med Synneva og Maria

I haust inviterer vi til allsong i Skifte med nye og gamle kampsongar, leia av to av Noregs aktive kampsongskrivarar, Synneva Gjelland og Maria Refsland frå Sliteneliten. Allsong er fellesskap, styrke, håp og samhald. Allsong er kjærleik til songen og til verda! Vi syng songar om fred, fridom, solidaritet, arbeidarkamp og andre gode og viktige saker. Ta med deg ein god ven og lat røysta di ljome i Skifte Bar!

Haustens datoar: 8. oktober og 26. november.

 

Program 26. november

Kveldens gjest er  Anne Marit Godal som er aktuell med si nye bok "Arbeidarsong".

Kvifor har song vore så sentralt for venstresida i kampen mot overmakt og for eit betre samfunn? Då Marcus Thrane i 1850 klarte å organisere arbeidarane for første gong, brukte han song for å bygge mot og fellesskap. Sidan den gong har arbeidarsongen endra det norske samfunnet. Politiske idear er formidla i verseform og delt med musikk på møte og demonstrasjonar, til fest eller på sengekanten. Einar Gerhardsen blei fostra til politisk innsats med arbeidarsong, Håkon Lie satsa på musikk i kamp mot fascismen, og i 2011 song ungdom der dei svømte for livet frå Utøya. Norsk sosialisme er forma av song, hevdar forfattar Anne Marit Godal.

 

Arbeidarsong formidlar historia om norsk arbeidarrørsle på ein ny måte. Songane vitnar om kva menneske har kjent, trudd på og drøymt om, frå 1850 til i dag. Verdas mest kjente melodi, Internasjonalen, oppmodar til opprør, Rudolf Nilsen-dikt om skam og fattigdom er tonesett av Lillebjørn Nilsen, og Sliteneliten og Karpe syng om utanforskap. I boka fortel både Gro Harlem Brundtland, Jens Stoltenberg og nye generasjonar om korleis venstresida treng krafta i musikken, for politikk er ikkje berre fornuft – det er også følelse.

 

Forfatteren har mottatt støtte fra Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

 

 

 

 

 

Billettar

  1. Kjøp billettar