Lukk
Søk
Søk Meny

Jungelboka

Gjer deg klar for ei leiken og spennande familieframsyning med ville dyr, mykje humor og uventa vendingar! JULETILBOD fram til 31.12: ta med heile flokken din til kr 290 per billett.
Kjøp billettar
  1. Spelar –
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit Ca 2 timar inkl. pause

Det Vestnorske Teateret gir nytt liv til den klassiske forteljinga om Mowgli, fritt etter Rudyard Kipling.
 
Frå jungelen til Bergen

Mowgli har vakse opp i jungelen, med bjørnen Baloo og panteren Bagheera som sine næraste venner. Han kjenner jungelen som si eiga bukselomme, og er ikkje i tvil om kven han er: Han er eit dyr! Men så får han vite noko som snur opp ned på alt. Mowgli er faktisk eit menneske.
Plutseleg er ikkje jungelen lenger ein trygg stad å vere. Frykta spreier seg, og Mowgli må forlate alt han kjenner. Ferda går frå jungelen og heilt til Bergen, der eit nytt liv, ein ny familie og ein heilt ny skule ventar. Men kanskje er ikkje menneska så ulike dyra likevel?


Gjer deg klar for ei leiken og spennande familieframsyning med ville dyr, mykje humor og uventa vendingar. Midt i alt det ville ligg ei historie om noko vi alle kjenner oss att i: ønsket om å høyre til.
For kven bestemmer eigentleg kven du er? Må du vere som alle andre for å passe inn? Og går det an å vere annleis – saman?

Velkommen inn i jungelen!


Om klassikaren

Rudyard Kiplings Jungelboka kom ut i 1894 og har fascinert barn og vaksne over heile verda i meir enn 130 år.
Den britiske forfattaren skapte eit fantasifullt univers med ville dyr, jungelens eigne lover og den menneskelege guten Mowgli, som veks opp blant ulvar.
Forteljingane om Mowgli, Baloo, Bagheera og Shere Khan har sidan fått nytt liv i ei rekkje bøker, filmar og teaterframsyningar. Bak eventyra og dei fargerike dyreskikkelsane ligg ei forteljing om identitet, vennskap, mot og jakta på ein stad å høyre til; tema som framleis er like aktuelle.

 

Kunstnaleg lag
 

Fritt etter Rudyard Kipling  

Dramatisering: Thomas Bye

Regi: Sturle Igland Bjordal

Scenografi: Vasylyna Kharchevka

Kostymedesign: Mari Hesjedal

Lysdesign: Silje Grimstad

Komponist og Lyddesigner: Jørn Lavoll

Koreografi: Piero Issa

Skodespelarar: Katrine Lovise Øpstad Fredriksen, Sigmund Njøs Hovind, Carina Furseth og 6 ensemblebarn frå Fyllingsdalen Teater (2 lag á 6 barn)
 

Vert produsert av Det Vestnorske Teateret i samarbeid med Fyllingsdalen Teater. 


Plakaten er teikna/illustrert av Bjørn Melvold i Knowit. 


 

 

JULETILBOD fram til 31.12: ta med heile flokken din til kr 290 per billett. (Frå 1. januar ord. pris kr 380). 
 

 

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar
  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Kjøp billettar
  13. Kjøp billettar
  14. Kjøp billettar
  15. Kjøp billettar
  16. Kjøp billettar
  17. Kjøp billettar
  18. Kjøp billettar
  19. Kjøp billettar
  20. Kjøp billettar
  21. Kjøp billettar
  22. Kjøp billettar
  23. Kjøp billettar
  24. Kjøp billettar
  25. Kjøp billettar