Lukk
Søk
Søk Meny

Hedda Gabler

Hedda Gabler av Henrik Ibsen er skodespelet som har alt: Ei dramatisk handling, kjærleik, kjønnskamp, begjær og humor (!). 29. januar får eit av verdas beste skodespel premiere hos oss.  
Kjøp billettar
  1. Spelar –
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit ca 2 timar og 30 min inkl. pause.

«Jeg har søkt å skildre mennesker, skildre dem så eksakt som mulig, intet annet.»
Henrik Ibsen

 


Early bird – hausttilbod

Slik gjer du:

  1. Vel speledato
  2. Aktiver kampanjekode: Hedda26
  3. Då kjem Early bird-prisen opp i prislista til venstre

Har du BT Fordel-kort, er prisen kr 380 med haustkampanje fram til 31. oktober.

 

Skandalen

Hedda Gabler er kanskje det av Ibsens teaterstykke som snakkar best og mest direkte til vår samtid. Hedda er livredd for skandalen, for andre sine dømmande blikk. Redselen for skandalen held henne tilbake frå å leve det livet ho ønsker å leve. Og som ho seier: Mange gonger synest ho at ho berre har talent for éin einaste ting i verda: Å kjede seg i hel. Bak den perfekte fasaden skjuler det seg eit mørkt indre, som er utmatta av det livet ho lever, med all overflata, maktkampane, det økonomiske stresset og statusspelet.

Heilt frå utgivinga i 1890 har Ibsens Hedda Gabler skapt reaksjonar. Å bryte med det uttalt kvinnelege gjer ein ikkje ustraffa: Ein meldar skreiv at «ingen anstendig familie burde ha boka i heimen sin».

Men Hedda har ikkje late seg kneble av meldarar eller opprørte lesarar. Ho har kome tilbake igjen og igjen, og er i dag meir spelt enn nokon gong, snart 140 år etter at stykket kom ut. Når Det Vestnorske Teateret no gir seg i kast med vår versjon av stykket, får publikum ein oppdatert versjon som talar direkte til vår tid.

 

Johanne Fossheim som Hedda Gabler og Sigmund Njøs Hovind som Jørgen Tesman. Foto: Magnus Skrede

 

Tett på orginalen

Regissør Ida Høy seier: «Det er viktig for meg som regissør å vere tett på Ibsens originale verk. Eg kjem ikkje med påfunn, men prøver å hjelpe publikum i vår samtid med å forstå Ibsens bilete frå 1890; kva han var opptatt av, kva han prøvde å kommunisere med desse karakterane, og å legge vekt på det som peikar inn i vår tid og fenomen i vår samtid.»

«Det kan hende at man vil finne noget revolusjonært i dramaet; men det er noget som forblir i bakgrunnen. Det er skikkelsene som taler, ikke jeg.»
Henrik Ibsen

Regissør Ida Høy seier: «Hedda Gabler er perfekt også for unge menneske. Det er ein sexy klassikar som dreier seg om fest, kjærleik, begjær,  og dei viktigaste vala i livet. Unge vaksne vil kunne kjenne seg igjen i det sjølvfokuserte mennesket, i statuskampane og i det å tilsynelatande ha ei perfekt verd, samtidig som dei kjedar seg i hel og synest synd på seg sjølve.»
 

Promovideo

Villare enn du hugsar - sjå videoen 

 

 

Handlinga

Hedda Gabler og Jørgen Tesman har nyleg kjøpt seg hus og er nett komne heim frå ei lang bryllupsreise.
Jørgen har måtta grave djupt i lommene for å gi Hedda huset ho har drøymt om, og heile framtida deira kviler på at han no får stillinga han har søkt på.

Kort tid etter heimkomsten kjem Thea Elvsted på besøk med store nyheiter: Ejlert Løvborg er tilbake i byen. Løvborg og Hedda har hatt ein flørt i fortida, men han har i mange år levd eit utsvevande liv og ikkje vore til å rekne med. No er han tørrlagd og har gitt ut ei suksessrik bok – og saman med Thea arbeider han på eit nytt storverk, som ho omtalar som deira felles barn. Det går gjetord om kor banebrytande dette vitskaplege verket er. Men det finst berre éin versjon av manuskriptet.

Når Brack gjer sin entré, har Hedda, Thea og Tesman nett sendt bod etter Løvborg.

Brack har hjelpt Tesman med lån til hus og heim og kan no fortelje at Løvborg er aktuell for den same stillinga som Tesman er avhengig av å få. Heile tilværet til Hedda og Tesman vaklar.
Idet Løvborg kjem på besøk, skal Brack og Tesman på fest og inviterer han med. Løvborg, som prøver å halde seg edru, avslår først – men blir overtalt av Hedda og blir med dei ut likevel.

Kva som skjer på festen, og korleis det går med Hedda, Tesman, Brack, Løvborg og Thea, må du sjølv komme i teateret og oppleve.

 

  

Framifrå skodespelarar

Det er eit sterkt ensemble som står på scena: I tittelrolla har vi fått med oss Johanne Fossheim, som gir oss ei vill og nyansert Hedda. Mange kjenner Sigmund Njøs Hovind frå ei rekke oppsetjingar på teateret dei siste åra. Han spelar mannen til Hedda, Jørgen Tesman.

I rollene som Brack og Thea har vi fått med oss Pål Rønning og Irene Waage, som mange kjenner frå DNS.
Rolla som det forfylla geniet Ejlert Løvborg blir gestalta av Jon Bleiklie Devik. Jon har jobba ei årrekke på Det Norske Teatret og gjestar Det Vestnorske Teateret for første gong.

Nesten heile det kunstnarlege teamet som laga Fuglane i 2025, er med også denne gongen. Publikum kan altså vente seg både ei spektakulær visuell oppleving og sterke skodespelarprestasjonar.
 


Teatersjef Thomas Bye ved Det Vestnorske Teateret

Teatersjef Thomas Bye om Hedda Gabler

Verdas beste teaterstykke

-Hedda Gabler er skodespelet som har alt: ei høgdramatisk handling, forviklingar, kjærleik (både lykkeleg og ulykkeleg), sjalusi, begjær og faktisk humor!

Det er eit fullendt stykke, der alle karakterane er heile menneske med manglar og feil, styrkar og kvalitetar.

Derfor er Hedda Gabler eit av dei mest spelte teaterstykka i verda, seier teatersjef Thomas Bye.
Han var teatersjef ved Teater Ibsen frå 2015-2021, og har eit nært forhald til Henriks Ibsens dramatikk. Teatersjefen har faktisk også vore skodespelar i ei Hedda Gabler oppsetning, i rolla som Jørgen Tesman. 

No tek han Ibsen til Det Vestnorske Teateret og har samla eit sterkt kunstnarleg lag frå prisvinnande FUGLANE frå 2025 til å gyve laus på denne klassikaren som han har så sterkt forhald til.


Foto:  Teatersjef Thomas Bye har sjølv spelt Jørgen Tesman. Foto: Vegar Moe Nilsen.

 

 

Møt vår Hedda

Johanne Fossheim om rolla alle vil ha

Hedda er den rolla alle kvinnelege skodespelarar ventar på. Johanne Fossheim er snart i full gang med prøvane på Hovudscenen.

 

Kva var den første tanken din då du fekk vite at du skulle spele Hedda?

-Eg vart ganske sett ut av førespurnaden. Nesten heilt paralysert. Derfor svara eg ikkje teatersjefen på fleire veker. Til slutt fekk eg ein telefon frå regissøren, som følgde opp. No har eg sagt ja, med ei kjensle blanda av både stoltheit, audmjukskap og forventning.

 

Kvifor er Hedda framleis ein interessant rolle å spele 136 år etter at stykket blei skrive?

-Dette har eg og regissør Ida Høy snakka masse om. Særleg to ting gjer stykket framleis aktuelt.

Det eine er at Hedda ikkje vågar å følgje hjartet sitt. Ho blir styrt av det som har status; det som er respektert i samfunnet, og som er meir respektert og anerkjent av andre enn av henne sjølv. Mange menneske lever slik i dag òg, og det å aldri våge å følgje sitt eige hjarte eller si eiga overtyding kan gjere at ein kjenner seg «fanga» i sitt eige liv. Av og til må ein tore å gjere noko risikabelt fordi det nettopp er dette ein oppriktig trur på som gir næring og glede til si eiga sjel. Om ein nektar seg sjølv dette, kan ein bli ein ressurs som svinn hen; ei larve som aldri blir til ein sommarfugl. Hedda blir kanskje verande denne larva i sitt eige liv?

Dette er det eine, og det gjeld begge kjønn.

Det andre er kvinnerolla. Veldig mykje her har endra seg sidan Ibsens tid, men vi har framleis enkelte fastlåste og tronge oppfatningar både av mannsrolla og kvinnerolla. Men korleis oppfattar vi i dag kvinner som ikkje er av den milde, snille og blide typen? Og dei som er både seksuelt frigjorde og ambisiøse? Synest vi dei er like «kvinnelege» og behagelege å ha med å gjere som dei «andre kvinnene», eller er vi snare til å stemple dei som «vanskelege»?

Hedda er ikkje den milde og blide typen, og ho har eit problematisk forhold til morsrolla.
Aksepterer vi desse kvinnene noko meir i dag enn på Ibsens tid?

 

Kunstnarleg lag

 

  • Hedda Gabler av Henrik Ibsen
  • Regi: Ida Høy
  • Scenografi og kostymedesign: Olga Regitze Dyrløw Høeg
  • Lysdesign: Randiane Sandboe
  • Lyddesign: Emily Adomah

Med skodespelarane:

  • Johanne Fossheim                       Hedda Gabler
  • Jon Bleiklie Devik                         Ejlert Løvborg
  • Sigmund  Njøs Hovind                 Jørgen Tesman
  • Irene Waage                                Thea Elvsted
  • Pål Rønning                                 Brack

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar
  3. Kjøp billettar
  4. Kjøp billettar
  5. Kjøp billettar
  6. Kjøp billettar
  7. Kjøp billettar
  8. Kjøp billettar
  9. Kjøp billettar
  10. Kjøp billettar
  11. Kjøp billettar
  12. Kjøp billettar
  13. Kjøp billettar
  14. Kjøp billettar
  15. Kjøp billettar
  16. Kjøp billettar
  17. Kjøp billettar
  18. Kjøp billettar
  19. Kjøp billettar
  20. Kjøp billettar
  21. Kjøp billettar
  22. Kjøp billettar
  23. Kjøp billettar
  24. Kjøp billettar
  25. Kjøp billettar
  26. Kjøp billettar
  27. Kjøp billettar